Det seier ein sint leiar for småbåtlaget på Nordfjordeid, etter at han i slutten av førre veke oppdaga at nokon hadde vore å rive små svaleungar ut av reiret i ei av naustrekkjene i småbåthamna på Sørøyrane.

–Sjølv om det følgjer litt fugleskit med når svalene, og for den del andre fuglar byggjer reir og får ungar, så må vi tole det. vi har vatn og kostar til å gjere reint med. Folk som gjer slike ting som dette mot hjelpelause små fugleungar vil vi ikkje ha her, seier Jan Pedersen som legg til at svalene har vore svært så iherdige med å byggje reir i nausta på Sørøyrane.

Utan ein sjanse: Jan Pedersen meiner at desse små svaleungane ikkje ghar ein sjanse til å overleve etter at nokon har rive dei ut av reiret. Foto: Tormod Flatebø