Det seier John Olav Lefdal som har brukt fire fem millionar kroner på å ruste opp området, og lage til garderobe, dusj- og toalettfasilitetar i den gamle godsterminalen.

–Denne veka er det klart for årets Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid, difor er det ekstra kjekt at vi kan tilby langt betre fasilitetar for besøkande båt- og bubilfolk enn det vi har kunne gjere tidlegare år, seier Lefdal.

Stort område

I den nye delen av båt-/gjestehamna er det plass til 12 store båtar, litt fleire om båtane er mindre. På den store ny asfalterte oppstillingsplassen er det plass til 10 bussar, 10–12 bubilar og rundt 24 parkeringsplassar mot Sjøgata for mindre privatbilar.

–I og med at oppstillingsplassen for bussar er tenkt nytta når turistane frå cruisebåtane kjem neste år, vil det i år bli plass til fleire bubilar. Spesielt under Malakoff Rockfestival vil dette vere viktig, seier John Olav som har hatt nokre travle månader med sal og kjøp av større lystbåtar.

Går så det susar

–Dei siste månadane har eg levert tre nye Riva lystbåtar som kostar 11 millionar per stykk. To er levert i Oslo og ein i Stockholm. I tillegg til det har eg kjøpt ein Riva 75 fot med 3200 hestekrefter, som eg skal selje vidare, men først skal den nyttast charter på Vestlandet. Eg har også kjøpt tilbake ein 44 fot Riva som ligg her på Nordfjordeid no. Også den skal nyttast til charter, seier John Olav som på eit oppdrag med 75-fotaren tar inn rundt ein halv million kroner.

Arbeidsplassar

Arbeidet med den nye gjestehamna har ifølgje John Olav gått etter planen. Det han er mest glad for er at lokale firma har hatt leveransane, og at flytebrygger og gangvegar er produsert lokalt.

–Flytebryggene og gangvegane er produsert på verftet på Løkja. For meg, og for dei fleste andre vil eg tru, er det viktig at vi støttar opp under lokale verksemder og sikrar lokale arbeidsplassar. Det er det same vi gjer når vi neste år skal ta imot mange tusen cruiseturistar på Nordfjordeid. Då står også Sagastad ferdig til å ta imot turistane, seier John Olav som er glad for at han har kunne bidra med det han kan for å utvikle Eid.

–Utan cruisekai ville det ikkje blitt nokon Sagastad, seier han.

Rockfestival

I tillegg til kjøp og sal av båtar, charterturar og mykje anna, så er det også rockfestival for John Olav. Firmaet Nordrikk, som han er storaksjonær i, er leverandør av drikkevarene til festivalen.

– Det er med andre ord nok å henge fingrane i tida framover, seier John Olav.

Straum og vatn: Alt er klart for å kople seg til straum og vatn i den nye gjestehamna og oppstillingsplassen. Foto: Tormod Flatebø
Flotte båtar: John Olav Lefdal gjer det stort innanfor sal av større fritidsbåtar. Båten i bakgrunnen er ein Riva 75 fot med 3200 hestekrefter. Ny er prislappen på denne båten 50 millionar kroner. Foto: Tormod Flatebø
Gjestehamn: Alt ligg no til rette for at gjestehamna kan ta imot langt fleire større båtar enn kva tilfellet har vore fram til i dag. Allereie sist helg var trafikken stor. Foto: Tormod Flatebø
Innbydande: Det er ei innbydande gjestehamn besøkande no kan kome til på Nordfjordeid. Foto: Tormod Flatebø
Oppstillingsplass. Foto: Tormod Flatebø