Rolf Taraldset, frå Hornindal, har fått oppdraget med å skjere ut dragehovudet og halen på vikingskipet. I helga var den dyktige treskjeraren på plass i rubbhallen på Nordøyrane. Det var mange som ville slå av ein prat med Taraldset, og ikkje minst studere det imponerande treskjerararbeidet han har gjort og det han skal ta til med. Etter det Fjordabladet erfarer skal Taraldset gjere store delar av jobben i rubbhallen, slik at folk kan følgje med i arbeidet.