Det seier Leon Knapskog, mannen bak Eid Gatematfestival, Minibakeriet og restauranten Aske i Eidsgata.

–Gatematfestivalen var litt betre organisert i år. I fjor, som var første året, vart vi nok tekne litt på senga over at det kom så mykje folk som det gjorde. Med bakgrunn i dei erfaringane vi gjorde i fjor, så jobba vi ein god del med organiseringa av årets Gatematfestival, seier Leon Knapskog som er spesielt glad for den store breidda i tilbod som folk kunne oppleve, at det var langt fleire stand i år og sjølvsagt at så mykje folk hadde møtt opp i det flotte sommarvêret som Eid og Nordfjord kunne by på.

Litt av kvart

Vi kan langt på veg skrive under på at breidda var større i år enn det den var i fjor. På mange stand i gata vart det servert varm og kald tradisjonsmat frå mange delar verda. Matfestivalen var også prega av at bærsesongen er over oss, sjølv om det ikkje hadde så mykje med gatemat å gjere. Spesielt var det at Sognefjord Kaffibrenneri, det einaste i fylket, hadde tatt turen.

–Formålet med Gatematfestivalen er å skape liv og røre på Nordfjordeid. Stimulere til handel, skape matglede og forståing for god mat og drikke. I år var festivalen litt annleis enn i fjor, og neste år må vi tenkje ut nye måtar å gjere det på innanfor ramma av det vi held på med. Vi kan ikkje gjere det same kvart einaste år, då går folk lei, seier Leon Knapskog som kanskje kan tenke seg ulike aktivitetar etter at butikkane stengjer.

Neste år

–I og med at Minibakeriet, som står bak arrangementet, har så gode erfaringar etter to år, er det vel klart for ein ny gatematfestival neste år?

–Vi får sette oss ned å diskutere kva vi skal gjere. Arrangement som dette tek mykje tid å få i stand. Som eg sa tidlegare så blir det for enkelt å kopiere det ein gjorde året før. Personleg har eg nokre idear om kva vi kan gjere annleis. Kanskje vi skal ha litt rundt barnemat, kokkekurs, og meir aktivitetar på kveldstid. Vi har mange dyktige kokkar i Eid som gjerne vil bidra. Vi får sjå kva vi greier å kome over, seier Leon som denne veka skal stå for all matservering på Malakoff Rockfestival.

–Det blir ei stor oppgåve når vi skal servere mange tusen porsjonar mat på kort tid.

–Kva med Aske, kjem de til å halde restauranten open under festivalen.

–Nei vi stengjer Aske. Er det festival så er det festival, seier Leon.

Triveleg: Dette var kjempegod mat, sa Jan Ove, Karin og Kirsten Mari, som hadde teke vegen frå Sandane til Eid for å vere med på gatematfestivalen. – Synd at det ikkje blei kommunesamanslåing med Gloppen og Eid, sa Kirsten Mari. Foto: Tormod Flatebø
Mykje folk: Det var tett med folk frå Almenningen og gjennom stort sett heile Eidsgata. – Vanskeleg å seie kor mange som var på Nordfjordeid laurdag, men det var iallfall ikkje mindre enn i fjor, då var det rundt 3000, seier Leon Knapskog. Foto: Tormod Flatebø
Små men velsmakande: Erin Ryssdal, som starta opp produksjonen av vaktel og vaktelegg for eitt år sidan, og Marianne Ryssdal presenterer eit velsmakande lite måltid med speilegg frå små vaktelegg. Foto: Tormod Flatebø
Travelt: Kokkar og servitørar på Aske hadde hendene fulle med å servere alle. Foto: Tormod Flatebø
Kysten: Kraftstasjonen, restaurant i Måløy, serverte mellom anna kvit bacalao, noko som tydleg fall i smak hos Reidun Gilleshammer. Foto: Tormod Flatebø
Mat og politikk: Ordførarane Stein Robert Osdal, Selje, og Alfred Bjørlo, Eid, var ikkje snauare enn at dei nytta dagen til å steike sveler og servere fenalår av kystgeit. Foto: Tormod Flatebø
Dekorativt: Flottare skilt skal ein leite leng etter, og drinkane som vart servert ved sidan av stod ikkje tilbake for noko. Foto: Tormod Flatebø
Dei yngste: Taraa, Julia og Hidaa bydde på vaflar og forfriskande drikke. Foto: Tormod Flatebø