Kva planar har du i sommar?

– Har alt gjennomført ein tur med Eid Mannskor til Vilnius, har vore på ferie i Nerja på Solkysten og eit par turar til Bergen. Ser no fram til Malakoff, turar i fjellet og reise litt i eige fylke og land.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Då vil eg nemne barndomsåra i Breim med hesjing og leik og moro med andre ungar. Og ikkje å forgløyme slåttegrauten etter slåtten.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Spekemat og grillmat. Eg grillar og kona hjelper til.

Har du nokre hobbyar?

– Song og fotball. Eg har vore med i Eid Mannskor sidan 1987 og i operakoret i 12-13 år. Dessutan har fotball vore ei hovudinteresse i alle år.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å møte regelmessig til øvingane i Eid mannskor. Elles er eg flink til å sjå korleis ting skal gjerast, men er ikkje så flink med sjølve utføringa.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Spørjande, tankefull og til tider ein engasjert person.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Generelt er eg opptatt av samfunnsspørsmål, og særleg at ungdom skal ha gode oppvekstvilkår. Det har vi i Eid med både gode tilbod både innan idrett og kultur. I fotball blir det gjort ein stor dugnadsinnsats, så takk til alle engasjerte foreldre.

Kven ellar kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Standardsvaret her er kona, men ho ville truleg ikkje bli med ikkje blitt med til ei aude øy. Så eg måtte nøye meg med ei god bok. Ein god fluktstol er og nødvendig.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Det spørs litt om kor mange millionar det var. I alle fall ville eg sikra økonomien til familien og gjeve rikeleg til humanitære organisasjonar som Leger Uten Grenser og Raudekrossen.

Kven vil du gje ein blome til?

– Til kona mi Marie først og fremst sjølvsagt, noko som barnebarna ville vere samde i, men og til Michael Pavelich for hans innsats for operaen og som dedikert og engasjert dirigent i Eid Mannskor i mange år.

Kva synest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Primært skulle eg ynskt at heile Nordfjord skulle blitt ein kommune. Men Stad vert og bra. Selje har lange tradisjonar innan turisme og har mange livskraftige bedrifter. Utfordringa vert høg lånegjeld. Elles meiner eg at kommunereforma har utvikla seg til eit dårleg prosjekt, som har skapt mykje vondt blod rundt om i kommune-Noreg.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Er litt skeptisk til cruisenæringa med tanke på forureining og ubegrensa masseturisme. Det vert stilt for lite miljøkrav til bransjen. Det vil sjølvsagt bety mykje for Sagastad. Så viss ikkje for stort omfang - bra.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Eg merkar meg Sondre Justads Gjør det igjen som blir spelt om igjen og om igjen på radioen. Men for meg er Sunny Afternoon med The Kinks og Hambo i fellesferien med Alf Cranner gode sommarlåtar.

Korleis ser du føre deg framtida?

– Som pensjonist i Eid/Stad i velferdsstaten Noreg ser eg føre meg ei god framtid. Men ser ein utover landegrensene er det nok av mørke skyer. Eg kan nemne Donald Trump, handelskrise, Brexit-krise, klimakrise og flyktningkrise. Ein får setje si lit til kloke folk og politikarar i alle leirar.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Det måtte i så fall bli i Gloppen, fødekommunen min. Eg svara ja til samanslutning mellom kommunane Eid og Gloppen i folkerøystinga. Men eg stortrivst i Kilura og har ingen flytteplanar.