Det seier Tone Beate Drage som har samla trådane i Sommaraktive Stadt, som har blitt ei aktivitetsveke over ni dagar.

– Med andre ord så er det du som er leiar i arrangementet?

– Eg har prøvd å samle trådane, men eg nektar å bli kalla leiar, seier Tone Beate som kan sjå tilbake på eit arrangement med strålande vêr, publikumsrekord og eit utal av kjekke aktivitetar for alle aldersgrupper.

– Vi kan nok takke vêrgudane for at så mange denne gongen tok turen til Stadlandet, sjølv om det var mykje folk i fjor også sjølv om det regna, seier ho.

Ni dagar med aktivitetar

– Du nemnde innleiingsvis at «Korsadagen» er opphavet til Sommaraktive Stadt. Kan du utdjupe det litt nærare?

–Sommaraktive Stadt starta for tre år sidan. Utgangspunktet for arrangementet var «Korsadagen», ein aktivitetsdag med lange tradisjonar, og som alltid vart avslutta med dans i Grendehuset. Stadlandet Idrettslag stod som arrangør. Etter kvart dukka det opp idear og forslag om å lage litt meir aktivitetar enn berre ein dans. Enden på den visa vart at alle lag og organisasjonar, dei som ynskte å vere med vel å merke, gjekk saman om å arrangerer Sommaraktive Stadt, som har vake frå år til år. I år er det tredje gong aktivitetsveka blir arrangert, og det har aldri vore så mange aktivitetar og så mykje folk som det vi har opplevd i år. Historia er altså frå ein dag/kveld bygdedans til ni dagar med aktivitetar for både tilreisande og fastbuande, seier Tone Beate Drage som legg til at mange utflytta legg ferien sin til den veka Sommaraktive Stad blir arrangert.

Det mest spesielle

– Kva er det som har vore den mest populære aktiviteten i år?

–Utan tvil helikopterturane. Sjølv om vi hadde helikopter her i to dagar fekk ikkje alle som ønskte det oppfylt draumen om å sjå Stadlandet frå lufta. Elles opplevde vi at både vassdagen, fotballdagen, som vart avslutta med at ulike lag organiserte seg og spelte kampar, og skyting, både på Stadlandet skyttarlag si bane og på paintballbana var populære aktivitetar, seier Tone Beate som sjølv er glad for at svært mange nytta seg av dei flotte turtilboda som ein hadde lagt opp til.

–Slik sett kan du vel seie at det mest spesielle med Sommaraktive Stad er at vi brukar naturen og alle gode krefter rundt oss.

–Så det mest spesielle er ikkje at de kallar Sommaraktive Stadt og ikkje «Stad»?

–Det var litt diskusjon rundt akkurat det med namnet på arrangementet. Vi må noko fornye oss og bruke «Sommaraktive Stad», men det får vi ta ført neste års arrangement.

Må stille opp

–Med andre ord så blir det Sommaraktive Stad (t) også i 2019?

– Sommaraktive Stadt er eit stort arrangement som går over mange dagar. Difor er vi heilt avhengige av at lag, organisasjonar og folk elles stiller opp og hjelper til å få aktivitetsveka i hamn. Folk har vore flinke til å stille opp, og det er ikkje noko som skulle tilseie at vi ikkje skal få det til også i 2019, seier Tone Beate som legg til at det er ei arbeidsgruppe planlegg og gjennomfører Sommaraktive Stadt.

Gode sponsorar

–Korleis heng arrangementet saman økonomisk?

–Vi blir ikkje rike, men økonomisk går det i hop. Ikkje minst takka vere gode sponsorar. I tillegg til at vi jobbar aktivt med å få frivillige til å stille opp, har vi også blitt flinkare til å jobbe opp mot sponsorar og lokalt næringsliv, seier Tone Beate Drage, som er glad for den gode støtta arrangementet har fått både frå bankar og frå lokalt næringsliv.

Sentralt: Volleyball var ein populær aktivitet. Sjette dag av Sommaraktive Stadt vart det spelt volleyball i seks timar på sandvolleyballbana. Foto: Tone Beate Drage
På heimveg: Sommaraktive Stadt har hatt som mål å ta i bruk naturen og lokale krefter. Her er det ei gruppe på heimveg etter å ha nytta seg av den fantastiske naturen Stadlandet har å by på. Foto: Tone Beate Drage
Mest populært: Helikopterturane var veldig populære. – Sjølv om vi hadde besøk av helikopter to dagar, så var det ikkje alle som fekk oppfylt draumen om å sjå Stadlandet frå lufta, seier Tone Beate Drage. Foto: Tone Beate Drage
Mykje moro: Deltakrane på Sommaraktive Stadt kunne sjølvsagt by på mykje moro. Her er det Leikanger (Big Bab(i)es) som viser fram det dei har. Foto: Tone Beate Drage
Vassdag: Kva ville vel Sommaraktive Stadt vere utan ein «vassdag». Foto: Tone Beate Drage
Paintball: Både «paintball» som her, og bane skyting på Stadlandet skyttarlag si bane var populære aktivitetar, Foto: Tone Beate Drage
I bobla: Vi kan vel med rette seie at desse to lever i si eiga boble. Foto: Tone Beate Drage
Langt ned: Det vart arrangert mange flotte turar under Sommaraktive Stadt. Her er det fantastisk utsikt over fjord, fjell, hav og øyar. Foto: Tone Beate Drage