Vakthaldet vert styrka under årets festival, og det vert meir av både sivilt og uniformert politi.

– Sikkerheit er det viktigaste når vi har så mykje folk samla på ein liten plass. Det er viktig å ha eit trygt arrangement, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Endra camp

Nytt av året er at aldersgrensa for å sleppe inn på festivalcampen er endra frå 16 til 18 år.

– 360 dagar i årets må ein vere 18 år for å drikke alkohol, men på Malakoff har det vore 16. Dette føler vi blir feil, og aldersgrensa for å sleppe inn på campen er no heva til 18, fortel Roger Gundersen, innsatsleiar for politiet under Malakoff Rockfestival.

Det har blitt gjort ei evaluering av korleis festivalen var i fjor, kva som fungerte og ting som kan bli betre.

– Mesteparten av festivaldeltakarane er snille og flinke, men vi i politiet vil vere i forkant og drive førebuing. Difor utvidar vi mannskapet. Til fleire vi er til meir førebuing kan vi gjere, seier Gundersen.

Fleire sivile

Sikkerheita på festivalen vert også i år ein kombinasjon av patruljering på kritiske område av både sivilt og uniformert politi.

– Ingen politifolk i Nordfjord har ferie denne helga. Vi dekkjer opp med meir bemanning på dagtid i tillegg, og reknar med at det vert utfordringar i ulike sentrumsområde, mellom anna som følgje av høgare aldersgrense på campen, seier Gundersen.

Utfordringar

Ønsket er å få fleire ungdommar inn på festivalområde.

– Men vi ser at til dømes Sagaparken kan tiltrekkje seg mange. Vi vil difor ekspandere og patruljere i større område, fortel han. I fjor hadde dei gode erfaringar med narkotikahund, så det kjem dei også til å ha i år.

– Sjansen for å bli tatt er stor om ein har med narkotika. Vi prøver å få ein rein festival, men vi er ganske naiv om vi ikkje trur her finnast narkotika, seier Gundersen.

– Vi er tydelege på at vi har nulltoleranse for narkotika på festivalen vår, seier festivalsjef Naustdal.

Foreldre sitt ansvar

Dei minner om at foreldre har eit stort ansvar når så mykje folk er samla på festival.

– Sjølv om her er godt vakthald med både politi, vektarar og frivillige kan det plutseleg skje ei uventa hending. Då er det viktig at ungdommen har ein edru vaksenperson som kan stille. Det er berre å møte opp i porten og bli geleida inn. Det treng ein ikkje billett til, påpeikar dei.

Gundersen minner om at festivalen ikkje er tid og stad for foreldre å slå ut håret og ta heilt av med festing.

Kontaktpersonar

– Kanskje treng ungdommen deg, og då må de som foreldre vere der for dei, påpeikar han. Innsatsleiaren viser til at under Måløydagane stoppa politiet ein fest med 16-og 17-åringar, der all ungdom måtta ta promilletest og der politiet ringde etter alle foreldre.

Det at politiet stiller så mannsterke er også fordi alle skal få ei trygg festivaloppleving, og at folk ikkje skal ha betenkelegheiter med å sende ungdommen sin på festival.

Flest vakter

Både festivalleiinga og politiet tar tryggleiken rundt Malakoff på høgste alvor. Festivalen har også avtale med vaktselskap.

Malakoff Rockfestival er også kjende for å ha mange frivillige per tal publikummarar, og er ein av festivalane med flest vakter.

– Vi ønskjer at alle skal ha det bra på festivalen, og at ein passar på kvarandre, seier Naustdal.