Miljødirektoratet ønskjer meir kunnskap om dei to typane skrantesjuke som er påviste i Noreg. Difor treng dei ferske prøver av hjernar og lymfeknutar hos hjort og elg.

Pålegg

I kommunane der ein er pålagd å sende inn prøver skal alle elgar og hjortar som er to år eller eldre testast for skrantesjuke. I alle villreinområda i Noreg skal villrein som er eitt år eller eldre testast for skrantesjuke. Alt fallvilt av elg, hjort, rådyr og villrein som er eitt år eller eldre skal testast for skrantesjuke i alle kommunane i landet.

Utvalde kommunar som må sende inn prøver:

Sogn og Fjordane: Lærdal, Aurland, Årdal, Flora, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid.

Møre og Romsdal: Ålesund, Kristiansund, Ørsta, Skodje, Ørskog, Sula, Haram, Vestnes, Sandøy, Averøy, Sunndal, Gjemnes, Eide, Fræna, Molde, Nesset.

Hordaland: Bergen, Etne, Tysnes, Granvin, Voss.

Rogaland: Suldal, Sokndal, Strand, Hjelmeland.

Telemark: Hjartdal, Tokke, Seljord.