Dei to første vekene i juli har LO si sommarpatrulje vore på arbeidsplassar over heile Sogn og Fjordane. Der har dei sjekka at ungdomar i sommarjobb blir behandla slik som dei skal.

– Vi blir godt mottekne av dei aller fleste sjefane på arbeidsplassane. Viss vi finn noko som bør rettast på er det som oftast ærlege feil, som dei er glade for å få ordna opp i, seier Egil Natvik Vestrheim.

Ungdom hjelper ungdom

Han er éin av åtte ungdomar i LO si sommarpatrulje i Sogn og Fjordane. Dei fleste har fått plass i sommarpatruljen gjennom forbunda dei er organiserte i. Ungdomane har bakgrunn frå mange ulike felt, noko som er ein fordel når dei skal sjekke forholda i ulike bedrifter.

Med seg som organisator har dei Torbjørn Vereide, som er tilsett som fagleg ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane.

– Vi besøker mange unge arbeidstakarar og høyrer om dei trivst, om dei kjenner spelereglane og blir behandla rettvist. Der vi avdekkjer at alt ikkje er på stell, til dømes når det gjeld kontrakt eller lønn, prøvar vi å ordne opp på staden. I dei aller fleste tilfelle går dette bra, seier Vereide.

Tøft i reiseliv

Han fortel at spesielt innan restaurant/reiseliv er det ein del å rette på.

– Der er det nok tøffare enn elles, ikkje minst når det gjeld lønnsforhold og arbeidspress. Men det har blitt vesentleg betre. Vi har blant anna fått alminneleggjort tarifflønn. Velviljen til å rydde opp har også blitt mykje større, seier Vereide.

Første sommarjobb

LO si sommarpatrulje har ekstra fokus på ungdommar som har sin første sommarjobb.

– Det er mykje ein ikkje veit då, så dei er det ekstra viktig å hjelpe, seier Kristine Lyngbø.

Torbjørn Vereide vil ikkje seie noko om kva lokale bedrifter dei har besøkt, og om der var noko å sette fingeren på.

– Det er vår politikk at vi ikkje nemner enkeltbedrifter. Det som er sikkert er at vi skal gjennom rubb og rake av bedrifter der vi reknar med at det er ungdomar som har sommarjobb, seier Vereide.

LO si sommarpatrulje vart i år gjennomført for 33. året på rad.