Dette stadfestar styremedlem i Nordfjord Hotell Eigedom AS, Bjørn Myklebust.

– At vi skulle bygge gangbrua var ein del av salsavtalen då Øyvind Bjørlo kjøpte Expeditionen (no Magnifikk), seier Myklebust, som stadfestar at søknaden om tiltaket er godkjent av Eid kommune.

– Det er Eid kommune som tar kostnadene med grunnarbeid og fundamentering, altså den landfaste delen. Vi tar alle kostnadene med sjølve gangbrua, seier Myklebust.

Brua står klar

Akkurat no ligg gangbrua ferdig bygd på verftet på Løkja. Nordplan har teikna gangbrua, medan Stårheim bygg har den utførande delen av arbeidet.

– Kva dei eksakte kostnadene blir har eg ikkje full oversikt over, men det blir i alle fall vestenleg lågare enn det som tidlegare har vore førespegla i media, seier Myklebust, og legg til at montering kan skje allereie tidleg komande veke.

Utvidar parken

Hovudføremålet med gangbrua er å binde saman øyrane, slik at ein leiar gangtrafikken langs sjøkanten. I tillegg vil ein få betre utnytting av parkeringsarealet nord for Fargarelva.

Gangbrua vil også knyte utestaden/kaféen Magnifikk tettare til Sagaparken, noko innehavar Øyvind Bjørlo sjølvsagt er svært godt fornøgd med.

– Vi kjem no til å bygge ein direkte inngang frå terrassen, slik at folk med barnevogn eller hund lettare kan kome hit og nyte den fantastiske utsikta utover fjorden og mot Sagaparken og Sagastad. Inngangen skal også tilretteleggast for rullestolbrukarar, seier Bjørlo.

Det flotte sommarvêret vi har hatt i år har gjort at det har vore ekstra mykje folk som har brukt Sagaparken, både på dagtid og kveldstid.

– Det er veldig kjekt å sjå at det er så mykje aktivitet i Sagaparken. No er vi i gang med ein plan for profilering, og sjølvsagt både håpar og trur vi at gangbrua skal føre til større aktivitet på Magnifikk, seier Bjørlo.

Han er innehavar både av Bankkjellaren i Eidsgata og Magnifikk på Nordøyrane. Sistnemnde hadde opning i påska i år.

– Sjølv om gangbrua no kjem på plass før Malakoff, kjem vi til å halde Magnifikk stengt fredag og laurdag. Då held vi fokus på Bankkjellaren. Men dersom det kjem veldig mykje folk til Sagaparken, kan dette bli endra neste år, seier Øyvind Bjørlo.

Dette er gangbrua som skal monterast på Nordøyrane tidleg i komande veke. No er ho i verftet på Løkja. Foto: Privat
Bjørn Myklebust stadfestar at gangbrua vil kome på plass om kort tid. Foto: Yngve Tolaas