– Dette blir heilt rått, seier initiativtakar Leon Knapskog. Han lovar smaksopplevingar i fleng.

– I år blir det 14–15 kokkar, som er ei dobling av i fjor. I tillegg er det fleire andre som serverer mat og produkta sine i ulike former gjennom gata. Og så har du dei vanlege matserveringsstadane som også selde mykje mat i fjor, seier Knapskog.

Gatematfestivalen vil gi deg grilling, krydder, og gode lukter gjennom heile gata, lovar han.

– Det blir mykje liv, good wibes, og no begynner eg å glede meg, smiler Knapskog, som påpeikar han har fått med seg bra kokkar og produsentar som vil gi deg matglede og smaksbomber.

Heim til Eid

Helga før Malakoff rockfestival begynner folk å kome heim til Eid.

– No høyrer eg at dei må kome heim før Malakoff, fordi dei også må få med seg gatematfestivalen. Det er kult å høyre og eit stort kompliment i seg sjølv, meiner han.

Rundt 3.000 kom til Nordfjordeid til gatematfestivalen i fjor.

– Vi ante ikkje kor mykje folk det kunne bli, og gjekk tomme for mat sjølv om eg hadde bedt alle kokkane lage 300 små porsjonar. I år er vi dobbelt så mange kokkar. Vi har laga langt fleire porsjonar, så i år skal det bli nok mat. Dermed inviterer vi til restefest på Aske om kvelden, smiler han. Knapskog lovar fleire kokkar, meir mat og mindre køar.

Variert

Eid hagelag er mellom dei som stiller opp i Eidsgata laurdag.

– Dei vil lage gode drinkar av rabarbra og ting dei kan plukke sjølv i hagen, fortel han nøgd. Elles blir det alt frå smårettar med vaktelegg frå Sandane, bacalao med bacon frå Måløy, hjortewrap frå Hornindal.

– Poenget er å trekke folk til Eid og handel i Eidsgata. Fjorårets festival gjekk over all forventing, og vi gjentek suksessen i år. Så får vi sjå om vi finn på noko heilt anna neste år.

Kokkane Kristoffer Westvik Lofnes og Leon Knapskog jobba intenst for å mette mykje folk under fjorårets gatematfestival.
Frå Gloppen får du smake dessert med ferske bær, noko som var svært populært også i fjor.