Det er Svein Barmen, tidlegare rektor ved Stadlandet skule, som har fått i stand denne utstillinga. Barmen har kome i kontakt med Broder Ole på dei mange besøka han har hatt på Selje kloster, som er eit benediktinarkloster. Barmen har og besøkt han i Nederland. Ein munk i benediktinarordenen kan ikkje eige noko. Difor har han gjeve frå seg både ikon og boksamling si til Sunnivahuset i Selje.

Fortener merksemd

Svein Barmen meiner at bilda til Broder Ole fortener merksemd. Han er amatør, men har ein stor produksjon av ikon, opplyser Barmen. På utstillinga kan publikum no sjå det Broder Ole har produsert dei siste 4-5 åra. Han har levd heile livet i utlandet og har utvikla sin eigen måte å måle på. Motiva er gjerne helgenar i den katolske kyrkja.

Ortodoks tradisjon

Barmen fortel at vi på norsk brukar omgrepet ikon om eit måleri innanfor den ortodokse tradisjonen, måla med eggtemperafarge på ei treplate. Dette er ein eldgamal fargetype der ein blandar fargepigment og vatn med egg og olje og dermed er målarfargen ferdig.

Ikonmålingsteknikken er ein omstendeleg og tidkrevjande prosess, opplyser Barmen. Underlaget er i dei fleste tilfelle ei treplate. Sjølve måleprosessen kan først ta til etter at plata er nøye preparert. Ho må vere tørr og stødig utan kvist og sprekker. Treplatene som Broder Ole har brukt har Barmen skaffa frå eik i Selje.

Regelbunden kunst

Ikonkunsten er ei regelbunden kunstform både i form og innhald. Formspråket har endra seg lite gjennom hundreåra og motiva er tradisjonelle: Kristusfiguren, Jomfru Maria og helgenar. Slik vert gjenkjenning og kontinuitet sikra.

Men eit tradisjonelt motiv kan utførast i mange variantar, og vil alltid bere preg av handlaget til den enkelte målaren. Det er ikkje vanleg å signere ikon, opplyser Barmen til slutt.

Ikon: Kjem frå gresk eikon som tyder bilete. Motiva er religiøse og ikon førekjem både i kyrkjene og i heimane.

Svein Barmen har møtt Broder Ole, Ole Støfring, frå Vassenden fleire gonger. Foto: Svein Barmen