Kvart år deler Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane ut gåvemidlar til kultur, idrett og næringsretta prosjekt.

– For oss handlar gåvetildelingane om samfunnsansvaret vårt, og vi følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dei to eigarstiftingane våre som forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene frå stiftinga, men også gjennom sponsoravtalar og eigne gåver gjennom banken, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Utbyttet frå banken har resultert i over 16 millionar kroner i gåver så langt i år. Fleire av desse er prosjekt som går over fleire år. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ny tildeling til hausten.

– Lokalt eigarskap, lokale arbeidsplassar og lokalt engasjement er viktige drivkrefter for Sparebanken Sogn og Fjordane, seier Teigene.

Lokale gåvemidlar

Fleire lag og organisasjonar og foreiningar i Fjordabladet sitt dekningsområde har fått tildelt gåvemidlar:

Bryggja Grendahus SA: møterom kr 10.000.

Bryggja Grendahus Vel: nye møblar kr 10.000.

Bryggja Skyttarlag: utstyr til barn kr 10.000.

Bryggja Utviklingslag: discgolfbane kr 10.000.

Eid Frivilligsentral: utstyr til bua kr 50.000.

Freidig 4H – ryddedugnad kr 6.000.

Furorestipend: Alexander Raftevold kr 50.000.

Hornindal Næringslag: folkepark kr 50.000.

Hornindal og Markane Skyttarlag: fibertilkobling kr 20.000.

Stad Bygdehus: stibygging kr 30.000

Stadlandet ul/Blikken: utbetre grendehus kr 70.000.

Stiftinga Sagastad: vikingskip kr 50.000

Stårheim Idrettslag: fritidspark kr 100.000.