–Det er sjuande år på rad det blir «uteordførar-kontor» i Eid Malakoff-veka. I år blir det også felles utekontor for ordførarane i Eid og Selje (nye Stad kommune) under Eid Gatematfestival laurdag 14. juli, melder Eid-ordføraren i ei pressemelding.

Inviterer

–Eid har slagordet «Eid Inviterer», og Malakoff Rockfestival er det største arrangementet på Eid gjennom året. Vi gler oss til å ta imot gjestene, og til å syne fram mykje av alt det positive og spennande som skjer i Eid og Nordfjord for tida, seier ordførar Alfred Bjørlo .

Tettare kontakt

–Ved å flytte «ut på gata» i Malakoff-veka ønskjer vi å gjere kontakt med kommunen lettare for folk. Samtidig er det viktig for Eid kommune å vere synleg og lett tilgjengeleg når over 10.000 menneske kjem til Nordfjordeid på Malakoff Rockfestival.

Eid og Selje

Ordførar Alfred Bjørlo og Eid kommune har telt-kontor laurdag 14. juli og kvar dag frå 17. juli til 20. på Badstuplassen i Eidsgata. Laurdag 14. juli er det Eid Gatematfestival i Eidsgata, og då vil ordførarane i Eid og Selje også by på smakebitar frå nye Stad kommune, og ta imot idear og innspel til den nye kommunen.

Eid kommune sitt utekontor vil også tilby eit spesielt opplegg for born, med eige barnekart over Eid og rebusløype.

Under Eid Gatematfestival laurdag 14. juli har Eid-ordføraren og Selje-ordførar Stein Robert Osdal felles utekontor i Eidsgata. Foto: Tormod Flatebø