Tove og Tor overtok drifta i midten av mai i år og leiger ut fire dobbelrom. Sidan midten av juni har dei og drive kafé. Konseptet er heimelaga mat, overnatting og litt kunst. Kaféen vil vere open seks dagar i veka i sommarsesongen, og i helgane resten av året og dei vi ta imot slutta lag og grupper. Nytt i Doktorgarden er servering av eitt varmt måltid per dag. Det vert servert mest fisk og skaldyr, noko som har blitt ein stor suksess.

Dekkjer eit behov

Ekteparet registrerer at det er eit klart behov for deira type bedrift i Selje. Selje er ei turistbygd og både norske og utanlandske turistar kjem til Doktorgarden. Tor Ivar Østreng meiner det er store muligheiter innan reiseliv i Selje, men meiner og at det må betre samordning til. Han seier at alle gode krefter må gå saman å lage pakkar med totaltilbod på overnatting, servering og opplevingar slik at det vert lettare å vere turist i området og fleire finn vegen dit.

Frå Posten til Barmen

Tove Måløy og Tor Ivar Østreng jobba båe i Posten i Lillestrøm, men var på utkikk etter noko her vest. Dei kom over eit småbruk på Barmen, kjøpte og flytta til øya for seks år sidan. Der har dei slått rot og dreiv nokre år gjestehus på øya. Å jobbe med reiseliv gav meirsmak og no skal det engasjerte ekteparet drifte Doktorgarden.

Men dei beheld begge dei faste jobbane sine. Han er matros på ferja mellom Barmsund og Barmen, og ho er reinhaldar i Selje kommune.