Tørken gjev fôrkrise på Stadlandet

Verste tørken på 25 år

Bøndene vil ikkje bruke ordet katastrofe, men at situasjonen er utfordrande i større eller mindre grad for alle bønder, er det ikkje tvil om.

Ekstra innkjøpt vatningsutstyr kjem vel med på sandjorda i Ervik.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Det blir sagt at det er minst 25 år at sidan det var ein slik tørke i distriktet med ein ekstremt tørr vår og ein like tørr start på sommaren. I fjor var heller for mykje væte slik at det var problem med å komme seg ut på jordene.

Verst på sandjord

Dei store flatene ned mot sandstranda i Ervik består av sandjord. Slik jord er fortreffeleg i somrar med lite nedbør, men gjev svært reduserte avlingar i tørkesomrar som denne.