Eidaren Svein Olav Myklebust har i fleire tiår vore den øvste sjefen for fotballen i fylket. Han har følgd samfunnsutviklinga tett, og sett endringar både av positiv og negativ art. I 2008 var representantar for Sogn og Fjordane Fotballkrets (no NFF Sogn og Fjordane) på studietur til Island. Ti år seinare ser Myklebust at islendingane gjorde nokre grep som har vist seg å ha svært positiv effekt.

– Utgangspunktet for turen var at vi ville finne ut kvifor Island lykkast så godt i fotball og andre idrettar med så få innbyggarar. Svaret var at dei hadde gjort nokre enkle, konkrete grep. Ikkje noko hokuspokus, føleri eller synsing, seier ein engasjert Myklebust.

Den islandske kulturen

– På 1980-talet opplevde Island ei veldig urbanisering, som medførte store sosiale problem. Dei stilte seg sjølve spørsmålet om kva som skulle til for å snu trenden, og svaret var ei storsatsing på idrett og frivilligheit. Staten bidrog enormt med støtte til å bygge hallar og baner, klubbar fekk støtte for å lønne utdanna trenarar. Det vart altså gjort store investeringar i ungdomen. Dei skulle trene mykje. På same tid la ein la stor vekt på disiplin i skulen, for å unngå drifting (lediggang). For ein del årskull vart det faktisk innført portforbod, fortel Myklebust.

Og resultatet av desse enkle og konkrete tiltaka viste seg å bli akkurat det islendingane ønskte.

– Talet røykarar, narkotikabruk og rusbruk stupte. Prestasjonar i skule og idrett gjekk bratt oppover. No har dette blitt den islandske kulturen. Ikkje noko hokuspokus, og eigentleg ikkje særleg overraskande. Vi som har levd ei stund veit at innsats og disiplin gjev resultat. Her i Norge blir vi gjerne møtt med «dei kan no ikkje trene 3-4 gonger i veka, dei må jo ha tid til skule også». Fakta er at undersøkingar viser det motsette, seier Myklebust, og viser til forsking frå NTNU.

– Der kjem det fram at ungdom brukar rundt 40 timar i veka framfor ein skjerm. Og her klagar vi på nokre få treningsøkter i veka. Ein må også hugse på at på 70, 80 og 90-talet hadde ungdom eit mykje meir aktivt tilvære utanom treningane.

– Dette må vel bety at du vil ha den islandske modellen innført i Norge?

– Ja! Den vil eg ha. Så vidt eg veit har dette ikkje vore politisk diskutert. Her i Norge er vi veldig opptekne av lågterskel. Eg veit jo at vi har eit sjikt av ungdom som er meir aktive enn nokon gong, men det er mindretalet. Det vi tilbyr barn og unge av organisert trening, som mange altså synest er så frykteleg mykje, er i realiteten lågterskeltilbod. For det store fleirtalet er dette for lite, seier Myklebust, som understrekar at han først og fremst meiner at dei islandske grepa bør kopierast for å få fleire barn og unge opp på eit betre nivå når det gjeld skuleprestasjonar og fysisk helse.

– Det er vel noko alle ønskjer for sine barn, så eg kan ikkje sjå noko kontroversielt i dette. Til dømes støttar eg fullt ut dei som vil ha éin time kroppsøving i skulen kvar dag.

Garden og framtida

Svein Olav Myklebust kjem frå ein av dei historiske storgardane på Nordfjordeid. Han har no tatt over garden, og den blir flittig brukt som fritidsbustad av han og familien.

– Nokon gard vil eg ikkje kalle det, for vi driv jo ikkje gardsdrift. Men vi har ein låve og eit stort, gammalt hus, som krev mykje vedlikehald. Det er noko heile tida.

– Er det her du ser føre deg livet som pensjonist?

– Det er jo ti år fram i tid, men eg har jo tenkt tanken. Per i dag er det umogleg å seie kva vi vel å gjere når den tid kjem, seier Myklebust.

Til dagleg held han til på NFF Sogn og Fjordane sitt kontor på Fosshaugane Campus i Sogndal. Der har han vore sidan fotballkretsen flytta sine kontor frå Førde til Sogndal for 19 år sidan. Før den tid budde han 13 år i Førde.

I over tre tiår har han altså følgd utviklinga innan fotballen i Sogn og Fjordane. Medan folketalet har stått stille, har ikkje fotballen gjort det.

– Vi har no elleve hundre lag i Sogn og Fjordane, med tolv og eit halvt tusen aktivitetsmedlemmer. Då eg byrja var vi berre ein tredjedel av dette, så aktivitetsnivået har endra seg dramatisk, seier Myklebust, som synest det er synd at det ofte er dei sjeldne og uheldige episodane folk høyrer om.

– Med den storleiken fotballen har i fylket, er vi ein vesentleg oppvekstfaktor. Det blir lagt ned eit vanvittig stort frivillig arbeid. At dette ikkje er meir påskjønna frå det offentlege er meir enn merkeleg. Det er ikkje mykje draghjelp å få. Mitt inntrykk er at den enorme frivillige innsatsen som blir gjort i klubbar rundt om i fylket, dessverre blir tatt for gitt, seier Myklebust.

Eit viktig grep

På midten av 1980-talet gjorde fotballkretsen eit grep, som skulle vise seg å ha stor betydning.

– Fram til den tid kom det knapt nok ein landslagsspelar frå Sogn og Fjordane. Vi var blant kretsane som tidleg kutta juniorserie. Dermed fekk tenåringane tidleg tøff matching, noko som var ein stor fordel. Så kom landslagsspelarar på rekke og rad.

– Den største enkeltfaktoren var vel eit genetisk tilfelle i Stryn?

– Det var mange som heitte Flo, ja, men slett ikkje alle. Eg er overbevist om at den tøffe matchinga unge spelarar fekk hadde mykje å bety. I tillegg var det stor interesse for 3. og 4. divisjon. Det gav faktisk ein viss status å vere spelar på dette nivået, seier Myklebust.

Kva så med den øvste divisjonen for herrar på fylkesnivå i dag? Det er Kretsligaen på nivå fem i Norge, der ein finn tradisjonsrike Nordfjord-lag som Eid, Stryn og Tornado Måløy.

– Vi har opplevd store demografiske endringar, som i praksis har medført at seniorlaga i dei aller fleste bygdene omtrent er reine juniorlag. Det gjenspeglar seg sjølvsagt i nivået. Eid sitt lag frå 80 og 90-talet hadde sjølvsagt knust alle laga i Kretsligaen i dag. Då var jo laget dominert av spelarar i sin beste fotballalder, seier Myklebust, som gjerne skulle sett eit Nordfjord-lag på høgare nivå.

– Eg saknar eit Nordfjord-lag i 3. divisjon. For ambisiøse spelarar er det nok tvilsamt om Kretsligaen held høgt nok nivå, meiner Myklebust.

Han har sjølv vore aktiv i Eid, Førde og Ørsta. På spørsmål om kven som er den beste han har spelt saman med, er dette svaret:

– Erik Brautaset i Ørsta, Jo Paulen i Førde og Magnar Heggen i Eid. Og det var eit hel.... å møte Kjell Rune Flo.