Det er Eid 4H-nemnd som er arrangør av årets fylkesleir i samarbeid med 4H Sogn og Fjordane. Det vil vere om lag 180 deltakarar på leiren, opplyser leirsjef Olav Berstad.

Han opplyser vidare at det vart arrangert fylkesleir for 4H for atten år sidan i Kjølsdalen, og dei hadde distriktsleir for Eid, Davik og Bryggja for 4 år sidan.

Variert program

Olav Berstad fortel vidare at konserten med Kjølsdalens eigen Odd Erik Lote var svært populær og at det var svært mange som var med på tur til hjortefarmen på Nave og vikingaktivitetar på Nordfjordeid der dei og kunne sjå på bygginga av vikingskipet.

Volleyball er og noko som interesserer mange av leirdeltakarane, og det er volleyballturnering med kåring av fylkets beste lag. Dei kan og drive med leikarring og dans, kajakkpadling, klatring og paintball mellom andre ting.

Fredag kveld var det open leir for alle nysgjerrige med konsert og aktivitetar for dei tilreisande. Alt i alt mykje moro og action på 4H-leiren i Kjølsdalen.

Treffe vener og slikt

Både Stella Birthe Poland (16) frå Fossekallen 4H i Oppstryn og Sølve Nedrebø (16) frå Kransen 4H i Ålhus stortrivst på leiren. Der er mange gode aktivitetar og det er kjekt å møte gamle vener og få nye. Begge er for veteranar å rekne med mange år på leir bak seg både i innland og utland. Dei gledde seg båe til besøk på hjortefarmen på Nave.

Leirsjefane Julie Nilsen Sundal og Olav Berstad gjorde alt dei kunne for at 4H-arane skulle ha det morosamt og triveleg.

Øksekasting er ikkje så lett som det ser ut til. Men mange ville prøve seg. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Kjølsdalens eigen Odd-Erik Lothe underheldt. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Stella Birthe (16) frå Oppstryn og Sølve Nedrebø (16) frå Ålhus har vore med på 5–6 fylkesleiar og i tillegg landsleir og nordisk leir. Foto: Per Ole Lefdalsnes