Reidar Vonheim byrja i Eid kommune i 1979, og gir seg no etter 39 år på same arbeidsplass. Formelt sett er 31. august siste arbeidsdag i driftsavdelinga. I kommunen har han jobba mest med VA, vatn og avløp, den infrastrukturen som ligg under bakken som vi ikkje ser, men som er avgjerande for at vi skal ha ein god kvardag.

Var arbeidsformann

– Eg har slite ut såpass mange driftssjefar at det er vel på tide at eg gjev meg, ler Vonheim, som er ein av dei med lengst fartstid i Eid kommune. Han tok til i Kristen Brynestad si tid som kommuneingeniør og med Reidar Nes som arbeidsformann. Då Nes slutta, fekk han sjølv det ansvaret, og var arbeidsformann inntil for 6–7 år sidan då han gjekk ned i stillingsprosent og overlét stafettpinnen til Per Bøen. Sidan då har han jobba mest med VA-prosjekt, som Korsen-Hjelle, knakking av vassleidningane i Kaldekloven og utbygginga av Nordfjordeid vassverk.

Legg vekt på samarbeid

– Ei eldsjel, optimist, hjelpsam, samarbeidsvillig, løysingsorientert og påliteleg. Han er ikkje redd for å ta i eit tak. Folk som kjenner Reidar Vonheim beskriv han som ein samarbeidets mann. Han er aller mest fornøgd når alle dreg i lag og ein får på plass løysingar som er vinn-vinn for alle partar, som ved Styggefossen der kommunen hadde ein gammal, utdatert dam, og Kjørstad kraft ville bygge kraftverk. No har Eid kommune fått ny kumme, kraftverket får overskotsvatn frå vassverket og kommunen har deira basseng som reserveløysing dersom det vert problem med forsyning oppe frå Kaldekloven.

I samband med utbygginga av Nordfjordeid vassverk har det vore omfattande samarbeid, mellom anna med Statens vegvesen.

Godt vatn i Eid

– No har alle dei tre store vassverka i Eid godt vatn, konstaterer Vonheim. Han var nyleg med på opninga av nye Nordfjordeid vassverk, som har Hornindalsvatnet som vasskjelde og forsyner Nordfjordeid sentrum og Eidsdalen opp til om med Leivdalen og Nor. Kaldekloven forsyner Stårheim og Haugen, medan det er Ljådalsvatnet som forsyner Kjølsdalen med godt drikkevatn.

– Eid har veldig god standard på drikkevatnet. Kjem du ut til kysten, så slit dei mykje meir, seier Vonheim.

Sjølv om ein no har gjennomført ei stor utbygging, er det ikkje slik at ein kan slappe heilt av innan VA-området. Vatn til Heggjabygda står for tur, der blir det ein del investeringar, og heile tida går det føre seg rehabilitering. Mellom anna står det for tur arbeid i Alleen, det vert lagt ny vassleidning til Godsterminalen og småbåthamna, og all kloakk også i dette området skal koplast opp mot reinseanlegget på Mehl.

Bilmekanikar og røyrleggjar

Reidar Vonheim er utdanna både som bilmekanikar og som røyrleggjar. Han er opphavleg halvt stryning og halvt halling, men fann seg ei stårheimsjente, og 20 år gamle bygde dei hus og stifta familie i Torvika. Tre av dei fire barna bur i Eid kommune og ei i Bardufoss. 11 barnebarn har det blitt, i alderen frå 1 år til 13 år. Vonheim jobba først hos Kaarstad & co. i Stryn og deretter nokre år på verftet på Løkjaneset før Eid kommune vart arbeidsgjevar.

Er løysingsorientert

Reidar Vonheim minnast at det i starten var fint lite byråkrati. Var det ein vegstubb som skulle byggjast, så fekk dei beskjed frå Brynestad om å kome seg av garde og gjere det. Dei fekk ei utfordring som skulle løysast utan mykje om og men.

Og nettopp dette å heile tida få nye utfordringar er det Vonheim har trivest aller best med. Det kan ta litt lenger tid, men det er kjekt og lærerikt å jobbe med å finne gode løysingar på oppgåver som kan sjå litt vanskelege ut. Og i alle desse åra har han gjerne teke med seg arbeidet heim. Når det gjeld praktisk arbeid, så tenkjer han på det heile tida. Han trivest best når dei små grå har noko utfordrande å jobbe med.

– Det er viktig at ein ikkje ser problem, men ser på utfordringar som ei mogelegheit til å lære noko nytt. Viss der ikkje er utfordringar, så lærer ein ikkje så mykje. I dag trur folk at det berre er å google, så finn ein løysinga. Det er ikkje min stil.

Ein handlingas mann

Vonheim er ingen utprega papirmann, han er tilhengar av handling. Han er ikkje imot gode planar, men tykkjer det av og til vert altfor omstendeleg. Til dømes i samband med at det skal byggjast nokre meter med veg. Det vert i meste laget med konsulentar og forståsegpåarar, og ein bruker mykje pengar. Det same gjeld gangvegar. Ein burde kunne få meir ut av kvar krone.

Vonheim legg vekt på verdien av erfaring og eit velmeint råd til kommuneleiinga er at dei som skal utføre eit arbeid bør få vere med på planlegginga. Det kan gjere at ting blir både enklare og billigare. Ein har bruk for konsulentar, men mykje kunne ha vore løyst på ein mindre omstendeleg måte. Ein treng ikkje å finne opp krutet kvar gong ein skal byrje på eit nytt prosjekt.

Før og no

Mykje har endra seg i løpet av desse 39 åra. Reidar Vonheim minnest den første vasslekkasjen dei rykka ut på. Folk på Stårheim hadde mista vatnet, og feilen vart lokalisert til Nygård. Det var vinter og ein meter med snø. Dei grov seg ned med handemakt, først for å fjerne snøen, så ned til vassrøyret og fekk tetta lekkasjen.No er det heilt andre tider, og dei har mykje meir utstyr å hjelpe seg med.

Vonheim har opplevd ras, flaum og Dagmar. Han har trivest godt med jobb i Eid kommune og ikkje minst med å vere i aktivitet ute i all slags vêr. Eid kommune har vore ein god arbeidsplass., og gjennom arbeidet sitt har han blitt kjend med mange kjekke folk, til dømes under utbygginga av Myklebuståsen.

Utvikling

Sjølv om Reidar Vonheim no ikkje lenger har faste oppdrag i Eid kommune, så reknar han ikkje med å setje seg ned i godstolen permanent. Han har framleis lyst til å vere med på å skape noko, og gjekk nyleg saman med eit par andre inn og kjøpte næringsområdet på Reset. Og som dagleg leiar i Harpefossen hyttegrend er han sterkt engasjert i utviklinga av området der.

– Det hjartet mitt brenn mest for er Harpefossen. Eg har vore med frå dag ein i 2005–2006 då spaden vart sett i jorda. Den gongen var det mange pessimistar. Folk tykte det var den største galskap ein hadde funne på. No har ein passert 400 millionar kroner i investeringar i nye hytter i Harpefossen hyttegrend.

Vonheim fortel at det var ein tung prosess å kome i gang, og utan Stein Bjørhovde som styrte penn og papir trur han ikkje at det hadde gått.

Sidan 2006 er det bygt 110 hytter som er innflytta, og ifølgje Vonheim har ein svært fornøgde kundar. Det er i stor grad dei som marknadsfører hyttene overfor slekt, venner og kjende. Det er no 25–30 ledige tomter igjen, og ein er i startfasen med å utvide det eine feltet med 17 nye tomter.

Hyttegrenda

Reidar Vonheim er ein utprega sosial og hyggeleg fyr. Han liker veldig godt å prate med folk. Han har sjølv hytte på Harpefossen, der det til og med er stabbur på tomta. Han liker godt å bli kjend med nye folk og han liker både å høyre på og å fortelje historier.

I hyttegrenda kjenner han far og mor og barna til nesten alle dei 110 familiane som har bygt seg hytte der. Han kan telje på ei hand dei han ikkje har drukke kaffi med, eller kanskje ein øl.

I tillegg til hyttefelta har det vore gjort store investeringar i skianlegget på Harpefossen.

Vonheim har sjølvsagt vore aktiv med også på det. Det var Magne Dalseth som lokka han med då det vart starta opp prøveprosjekt med snøproduksjon på slutten av 90-talet. Den gongen var dette uvanleg på Vestlandet.

– Eg har eit lag til å rote meg borti alt, ler Vonheim. Han hadde ikkje budd meir enn ein månads tid på Stårheim før John Roar Øien kakka på døra og det kom invitasjon til å vere med på dugnad på ungdomshuset. Det starta der, og sidan har det blitt mange dugnadsprosjekt; på ungdomshus, gymsal på skulen og innan idrett med stadion, skytebane, skianlegg og skiskyttaranlegg.

– Ein må ikkje sjå på dugnad som eit ork, men som sosialt samvær og noko som kan vere lærerikt, meiner Vonheim. Han peikar på Kåre i Tuna, Kåre A. Hafsås, ein positiv type som stilte opp og som var eit godt førebilete og ein god læremeister i dugnadsarbeid.

Engasjert i idrett

Reidar Vonheim har også engasjert seg innan idretten. Han var fotballdommar i ein del år, og helgane gjekk då med til å dømme kampar. Han hadde barn som var med på skiskyting, og då gjekk helgane med til å følgje opp dei. Han var i mange år med i Nordfjord team, og var mellom anna med på å arrangere Hovudlandsrenn i Heggjadalen og NM i skiskyting på Tua.

Både Ole Einar Bjørndalen og Liv Grete Skjelbreid tok sine første NM-sigrar som 15-åringar på Hovudlandsrenn i Heggjadalen.

Kona skal få sitt

– Det er mi kjære fru som har fått lide, innser Reidar Vonheim, som lovar at ho Astri no skal få ein del av dei tinga som ho har ynskt seg i mange år, mellom anna når det gjeld uteområde rundt hus og hytte.

Astri og Reidar Vonheim har vore gift i 44 år, og ein kan fundere på korleis ho har halde ut med ein ektemann som har vore så lite heime. Men kanskje er det nettopp det som er oppskrifta på eit langt samliv? Det kan bli for mykje felles tid og ein går seg lei, det er mange eksempel på at både mann og kone har gått heime saman og at det ikkje har gått så bra med ekteskapet.

Er lettrørt

Han kan bli sint, men er ikkje langsur. Reidar Vonheim liker ikkje at folk vert urettvist behandla, og han irriterer seg over telefonseljarar. Dei ringer gjerne på mobilen. Han held kanskje på med noko skittent arbeid ute, og må ta ein pause for å ta av seg hanskane for å kunne ta telefonen, og så har dei enten lagt på fordi dei ringer fleire samstundes, eller så er det berre noko drit. Han sit i fred og ro med fruen og et middag, og så ringer dei og tek ikkje eit høfleg hint om at det passar dårleg.

Reidar Vonheim karakteriserer seg sjølv som lettrørt. Er det er nokon som har gjort det veldig bra, til dømes ein idrettsutøvar som han kjenner, då kjem det gjerne ein klump i halsen.

Men det som kjenneteiknar Vonheimen mest er at han er eit utprega ja-menneske som lett blir engasjert og framleis har ein guteaktig iver når det gjeld å gå laus på nye oppgåver.

Nei, sofapensjonist blir nok ikkje denne mannen med det første.

Reidar Vonheim slår eit slag for samarbeid der fleire partar dreg i lag og finn gode praktiske løysingar, som her ved Styggefossen der Eid kommune med vassforsyning frå Kaldekloven og Kjørstad kraft saman har funne ei løysing som gjev fordelar for begge partar. Foto: Anna Wuttudal