Arbeidet er førebels heilt i startgropa. Ei gruppe med aktørar, mellom anna frå Eid kommune og Eid vidaregåande skule, jobbar med å utvikle dette, og planen er å samarbeide med den engelske musikk-utdanningsinstitusjonen Brighton Institute for Contemporary Theatre Training (BRICTT), som har koplingar til British and Irish Modern Music Institute (BIMM).

Torsdag var Mia Bird frå BRICTT på vitjing på Nordfjordeid for å diskutere eit mogeleg samarbeid, og kulturminister Trine Skei Grande (V) vart orientert om dei førebelse planane.

Kjenner kvarandre

Danselærar i Kulturskulen i Eid, Candice Bredesen og Mia Bird kjenner kvarandre frå før, og tanken om eit samarbeid kom etter at Bredesen hadde sendt over ein video som viste elevar på scena i Operahuset. Bird vart imponert over det høge nivået og at dei har så talentfulle elevar her.

Inn mot musikal-bransjen

BRICTT er ein høgskule spissa inn mot musikal-bransjen/musikkteater, der profesjonelle bransjepersonar frå dei leiande miljøa i England på området, mellom anna West End i London, er med i planlegging og utvikling/gjennomføring av kurstilbodet.

Skulen har sterkt fokus mot kva utdanning ein treng for å få seg jobb når studiet er ferdig. Fleire ungdommar frå Eid og omland har nyleg blitt tekne opp og skal starte på utdanning der til hausten.

Kultursjef i Eid, Geir Holmen og Tommy Bredesen fortel at BRICTT inviterte til samarbeid, og at planen er å sjå om ein kan få etablert ei landsdekkjande linje innan musikkteater ved Eid vgs. der ein til dømes kan nytte internasjonale lærekrefter til workshops, i kombinasjon med ein kjerne av gode lokale lærekrefter. Dette er tenkt gjort i samarbeid med andre aktørar og utdanningsinstitusjonar i Nordfjordregionen.

Pilotprosjekt

Det ein ser føre seg i første omgang er å søkje om eit treårig pilotprosjekt, der elevane både får studiekompetanse og internasjonalt godkjent diplom innan RSL-systemet (Rock School Limited).

Hovudfokuset vil vere på musikalar, alt frå planlegging og det tekniske aspektet til framføring og korleis skape seg ein karriere innan bransjen.

Noko av det BRICTT kan bidra med er at elevane får seg eit nettverk og får lære heile industrien å kjenne. Utdanninga der er direkte retta inn mot behova som TV- og filmindustrien og det miljøet som set opp musikalar på store scener har for arbeidskraft.

– Interessant å utvikle

Kulturminister Trine Skei Grande tykkjer det er spennande å sjå på mogelegheiter for å utvikle den vidaregåande skulen i Eid. Ho ser poenget med å knyte seg tettare opp mot miljø som West end, men ho verkar i utgangspunktet noko lunken til landslinje.

Skei Grande peikar på at det ikkje blir etablert så mange nye landslinjer, og ho viser til at Bårdar i Oslo har eit høgskuletilbod innan musikkteater. Og tilbod innan musikk og drama får du i ulike versjonar på mange vidaregåande skular.

– Men å utvikle ein vidaregåande skule er interessant for oss, poengterer kulturministeren som tykkjer det er spennande og verdifullt med kopling av gode talentfulle instruktørar opp mot miljøet i Nordfjord. Det kan vere fleire ulike måtar å gjere det på.