– Førde sjukehus slik det står i dag tilfredsstiller ikkje dagens krav. Difor skal det brukast 1,5 milliardar kroner på nye Førde sjukehus, fortel kommunikasjonssjef Terje Ulvedal i Helse Førde.

– Nordfjord sjukehus har hatt si omstillingsperiode, der ein har fått gjort mykje tilpassingar, seier Holvik, og viser til at det også må gjerast tilpassingar i Førde.

– Og så må vi klare å sjå Helse Førde som ei eining, meiner Holvik.

Ikkje dårlegare tilbod

– Det er viktig å halde fast på at endringane i Førde ikkje skal gi dårlegare tilbod desentralt, og at tilbod her ikkje skal smuldre hen, seier Gunvald Ludvigsen ved Nordfjord psykiatrisenter. Han viser til at det store bygget for psykisk helsevern som no skal byggjast i Førde er noko det har vore snakka om over tid.

– Mange ser at det må gjerast, seier han.

– I utviklingsplanen til Helse Førde er det slått fast at det ikkje skal gjerast endringar i strukturen, seier Ulvedal.

– Det kan bli endringar i tilbodet i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, men strukturen ligg der. Men om vi ikkje gjer noko med Førde sjukehus må ein reise utanfor fylket for å få hjelp, påpeikar Ulvedal.

Stor utbygging

Nye Førde sjukehus inneheld nybygg for psykisk helsevern, ombygging og oppgradering av poliklinikkane, dagbehandlinga, sengepostar, operasjonsareal og sterilsentral, medisinske støttefunksjonar og fellesfunksjonar.

Pasienthotell er og tatt inn, og i tillegg gjeld planane stab og støttefunksjonane i underetasjen, og administrative funksjonar.

– Planen er at nybygget for psykisk helsevern skal startast neste år og stå ferdig i 2021. Dette skal leggjast ut på anbod no rett over sommaren, fortel Ulvedal.

– Når ein skal bruke pengar på bygg er det viktig at ein er nøktern nok. Kva vi har fått til med nybygget vårt her på Eid viser dette i praksis, smiler Ludvigsen.

Etter planen skal det mest kompliserte – ombygginga av høgblokka på Førde sjukehus, startast i 2024 og stå ferdig to år etter.

– Utbyggingsplanen for nye Førde sjukehus strekkjer seg over åtte år, fortel Ulvedal.