– Stillinga er på utlysing no, og rett over ferien veit vi meir. Vi har klare signal om at vi får avtalespesialist på hud. Det er alltid ei vurdering på kven som kan nyte godt av tilbodet, eller om det bør vere eit ambulerande tilbod. No har ein konkludert med at grunnlaget er stort nok for at dette kan vere eit fast tilbod ved sjukehuset, fortel Tone Holvik, stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus.

Ho stadfestar at ein ser behovet for ein fast spesialist på hud.

– No håper vi å få dette på plass, seier ho.

Innarbeidd

Tilbodet om ein øyre, nase og halsspesialist er allereie godt innarbeidd ved sjukehuset. Det er også ein augespesialist.

– Samtidig slit ein med rekrutteringa innan nevrologi og revmatologi i Helse Førde. Difor er dette poliklinikkar vi ikkje har oppe og går på Nordfjord sjukehus no, fortel Holvik.

– Når det gjeld medisinsk sengepost er det stabil og god drift, påpeikar ho.