Han forstår dei mange reaksjonane over at det tar lang tid å få kontakt med politiet på ettermiddag og kveld.

– Det er heilt riktig at det er slik i dag, etter at ein la om til Vest politidistrikt. Men det vert jobba med saka for å styrke operasjonssentralen i Bergen, så ein kan ta telefonen på ein betre måte. Eg er heilt einig i at det har blitt dårleg, og det beklagar eg, seier lensmann Hvattum.

– Håpet er at dette skal bli betre når ein får fleire folk på plass, presiserer han.

Mange reaksjonar

Lensmannen legg ikkje skjul på at politiet har fått mange tilbakemeldingar frå heile Sogn og Fjordane om at det er vanskelegare å kontakte dei.

– Frå heile Sogn og Fjordane har vi fått liknande reaksjonar, seier han.

At dei ved operasjonssentralen i Bergen ikkje sit med god lokalkunnskap om Nordfjord meiner han er noko vi må leve med i framtida.

– Det vi må få endra er responstida, seier han.

– Vi har gjort avtale med fleire om at dei ringer direkte til det lokale lensmannskontoret for å få hjelp på dagtid. Vi oppfordrar alle til å gjere det same til dette er i orden, seier han.

– Slik det er i dag kan vi ikkje ha det, meiner Hvattum, som er redd for konsekvensen – at folk ikkje skal bry seg i det heile med å kontakte politiet og melde ifrå enten ein ser nokon som køyrer med promille eller om naboen slår kona.

Godt samarbeid

Det lokale lensmannskontoret får lite førespurnader trass i at det no i sommarmånadane er mange arrangement og festivalar.

– Vi får til dømes få meldingar frå utestadar. Eg har inntrykk av at utestadane har god kontroll på publikum, seier han.

Øyvind Bjørlo driv både Magnifikk og Bankkjellaren bar & gjestestove på Nordfjordeid. Han uttrykker at det er godt samarbeid med politiet.

– Dei kjem når vi ber om det. Vi føler tryggleik med å ha politiet til stades, det er berre at dei brukar tid på å kome fram til oss. Det skulle absolutt ha vore annleis, seier Bjørlo.

Øyvind Bjørlo ved Bankkjellaren og Magnifikk ønskjer politiet hadde raskare responstid. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes