– Om vi ringer 02800 til politiet, så må vi stå lenge i kø før ein slepp gjennom. No på dagtid vel vi difor å ringe rett til det lokale lensmannskontoret. På ettermiddag og kveld gjer dei butikktilsette ei avveging om ein skal ta den telefonen til politiet eller ikkje. Dei veit det tar tid før dei får kontakt, seier ho.

Omreisande kriminelle

Senterleiaren påpeikar at det for tida er ein del omreisande i kriminalitet.

– Det høyrer sommaren til. Men når vi må bruke veldig lang tid på å ringe for å kome gjennom hos politiet gjer dette det vanskeleg for oss, seier ho. Gjerdevik viser til at det ikkje er alt dei kan ringe naudnummeret 112 til.

– Men har du mistanke om noko, om det er rusa personar innom eller anna, så ringer vi politiet. Når vi endeleg kjem fram i Bergen så manglar dei lokalkunnskap, påpeikar ho.

Høgare terskel

Terskelen blir dermed høgare for å ringe til politiet når det er ettermiddag eller kveld.

– Nærpolitireforma skulle gjere ting betre, men vi erfarer at etter klokka 16.00 er det vanskelegare å melde frå om ting. Det gjer at responstida også er lenger om noko skulle skje. Vi har heldigvis godt samarbeid med det lokale politiet. Det skjer også at vi ringer dei privat, men dette er ikkje ideelt og bra for dei i det heile tatt. Dei skal også ha si fritid, påpeikar ho. Amfi Nordfjord har uniformert og sivil vektar som går på senteret i periodar.

– Det er ein konsekvens av at på visse tidspunkt er det vanskelegare å få tak i politiet. Personalet skal få hjelp til å handtere situasjonar som dukkar opp, fortel senterleiaren.