Selje kloster

– Eit reisemålsfyrtårn

– Både Riksantikvaren og kulturdepartementet er opptekne av at det skal vere ordentleg gjort. Klosterruinane skal vere eit fyrtårn, også fagmessig, seier prosjektleiar for Riksantikvaren sitt arbeid med klosteret, Bjørn Erik Jensen.

Klosterruinane skal vere eit fyrtårn, også fagmessig, seier prosjektleiar for Riksantikvaren sitt arbeid med klosteret, Bjørn Erik Jensen. 

Nyhende

Jensen fortel at dei har halde på heilt sida 2006 med prosjektet «Leve med ruinar». Det skal leggast til rette både for å ta vare på og kunne bruke området for å oppleve historia. Dei har mellom anna bytta ut sementmørtel med kalkmørtel og passa på at der ikkje er lause steinar, rydda bort brennesle og elles sørga for at det ser pent ut rundt klosterruinane. Det har også vore gjort ein stor jobb med steintrappa.

Har laserscanna anlegget

Dette prosjektet går fram til 2020, men det kan bli nye prosjekt for å utvikle det vidare og nå ut til fleire. Dei har laserscanna heile øya og heile anlegget, og på sikt ser Jensen føre seg ei digitalisering slik at mange fleire fått oppleve historia på nye måtar, både innan undervisning og turisme. Dette handlar mellom anna om å ha på seg VR-briller og bli teke med tilbake i tid.