Stor interesse for countryfestival i Breim:

Stort førehandssal

Knappe to veker før Norsk Countrytreff i Breim blir sparka i gang for 24 gong har rekordmange sikra seg billett til festivalen.

Frå Norsk Countrytreff i Breim i fjor.   Foto: Runar Sandnes

Nyhende

– Festivalen har over tid bygt seg opp eit godt ry både med tanke på populære og gode artistar, men også rammene rundt elles, seier dagleg leiar for festivalen, Arve Kleppe.

Meir enn tre gonger så mange publikummarar har kjøpt billett på førehand som i fjor. Det lovar godt for festivalen, og Kleppe forsikrar at det også er plass til dei som møter opp når festivalen startar.

Festivalen har også utvida campingarealet noko. I 2017 hadde festivalen kring 13 000 besøkande og gjekk med eit bra overskot.

Stor hovudartist

Festivalen har dei siste åra også gjort nokre endringar i booking av artistar.

– Vi prøvar å hente inn ein stor hovudartist, og det ser ut til å fungere. Det kostar, men det er samstundes med på å trekke publikum i større grad. Så det blir ein positiv sirkel til slutt, seier artistansvarleg Nils R. Sandal.

Unike konsertar

Øvst på plakaten i år står Tanya Tucker, og nyleg vart det klart at ho også blir med på den særs populære kyrkjekonserten laurdag.

– Ho tek med seg sitt eige sterke band av dyktige musikarar. Når slike artistar turnerer i utlandet blir bandet ofte sett saman av frittståande musikarar, så dette er ein unik sjanse til å oppleve musikken hennar. Dette er også den einaste konserten ho gjer i Europa på denne turen, understrekar Sandal.

Ulike sjangrar

På plakaten elles står også Rotlaus, Vassendgutane, Nothin Fancy, Hanne Sørvaag, Blåstrå og Get Rhythm og mange fleire. Til saman gir dei publikum ein solid smakebit på dei ulike sjangrane innanfor countrymusikken.

– Vår målsetting er ikkje at alle skal like alt, men at alle skal like noko og det trur eg vi har lukkast med i år også. At vi held fast på populære tilbod som kyrkjekonserten, den stemningsfylde blugrasskonsert på Nordfjord Folkemuseum, Barnas countrytreff med ein dag fullspekka av musikk og moro og lokale Longhorn som reiser til dei eldre og spreier musikkglede, er noko av det som gjer oss litt annleis enn mange andre festivalar, seier Kleppe.