Stor handverksmesse

– Vi kjem til å få inn handverksprodukt frå mange ulike produsentar, seier leiar i styret for kafeen, Marie Alme.

Det kan til tider vere hektisk på Sjøkanten kafé i Randabygda. Som starta opp av 4H for seksten år sidan, og trekkjer fullt hus i dag. Her bak disken Marie Alme (t.h.) og Malene Hopland.   Foto: Inger Træen/Arkiv

Det er kjekt, og det er også veldig nyttig erfaring å ta med seg vidare når vi ønskjer å søkje andre sommarjobbar.

Nyhende

Nokre av produsentane er heilt lokale frå bygda, medan andre kjem frå andre stadar i Nordfjord og frå Sunnmøre.

– Vi har til dømes flotte produkt i tre, keramikk, måleri, strikka produkt, lappeteknikk og skinnfellar frå sauer som har vore på beite i fjella her, fortel ho.

Fast tradisjon

Kafeen og handverksmessa i Randabygda er etter kvart blitt fast tradisjon kvar sommar.

Ungdommar mellom ti og atten år frå Fjellrosa 4H arbeider ved kafeen, og skaper på den måten sin eigen arbeidsplass.

Nokre av ungdomane er nettopp blitt med i 4H og såleis nye i jobben. Andre er meir røynde og har vore med i fleire år.

– Det er kjekt, og det er også veldig nyttig erfaring å ta med seg vidare når vi ønskjer og søkje andre sommarjobbar, fortel ungdomane i styret for kafeen. Dei har også med seg vaksne som stiller opp og hjelper til dei vekene i juli kafeen er open.

Kjem langvegsfrå

Gjestane ved kafeen kjem både frå fjernt og nært. Mange kjem langvegsfrå for å gå under den kjende Tvinnefossen, eller køyre ein tur langs Panoramavegen.

– Det er både ein del utlendingar og andre turistar, og kafeen har vorte eit samlingspunkt for bygdefolket, fortel Alme.

Ungdomane håper mange finn vegen til bygda for å handle kvalitetsprodukt frå handverksmessa eller ta ein kaffe med noko attåt i kafeen.

– Vi gjer vårt beste for at alle skal kjenne seg velkomne, avsluttar dei smilande.

Sjøkanten kafe i Randabygda starta opp for seksten år sidan. Sidan den gong har dei dobla både inntektene og besøkstalet.