Gamle og nye Nordfjord

Øyane i endring

I serien Gamle og nye Nordfjord har vi i dag kome til endringa som har vore i industriområdet Øyane på Nordfjordeid.

H. Eeg Henriksen AS hadde ein brakkerigg ståande i Øyane. Ettersom dei mangla arbeid ville dei forskottere millionbeløp for å kome i gong med vassverkutbygging i Eid.   Foto: Eige arkiv/ Lars Lunde/ Sigmund Naustdal

Nyhende

I Fjordabladet 23. januar 1982 kan ein lese om H. Eeg Henriksen AS hadde hatt denne brakkeleiren ståande i Øyane, men mangla arbeid. Difor ville dei forskottere millionbeløp rentefritt for å kome i gong med vassverkutbygginga i Eid.

Eid formannskap rådde kommunestyret til at ein skulle ta til med byggesteg 2 i utbygginga av Nordfjordeid Vassverk.