Sommarprat med Arve Espe

Denne gongen er det gallerist og turistvert Arve Espe som er gjest i sommarpraten.
Nyhende

Namn:  Arve Espe

Alder:  64 år

Bustad:  Harpefossvegen 13, Espe i Hjelmelandsdalen

Familie: Singel

Kjæledyr: Ingen

Yrke: Pensjonist og gallerist

Bil: Picasso


Kva planar har du i sommar?

– Leve livet! Vere gallerist og turistvert i lag med Victoria. Det kjem mange innom her i Gamlebanken. Vi har jo også Malakoff-stæsjet her, så her kjem massevis av frivillige innom og hentar t-skjorter. Elles har vi ein god del utlendingar som kjem for å hente brosjyremateriell. Det er både Visit Nordfjord sin guide og lokale brosjyrar, til dømes om fjellturar i Eid. Vi får besøk av mange hollendarar, tyskarar og svenskar. Veldig mykje tyskarar, faktisk.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Den fantastiske Malakoff, som eg har vore ein del av heile tida. Eg har vore innom bar, servering, område.... heile pakka. Det er flott å sjå utviklinga. Malakoff blir lagt merke til over det ganske land.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Aske Gatemat serverer god mat. Elles grillmat med familie.

Har du nokre hobbyar?

– Eg er jo gallerist i Gamlebanken, men det er kanskje meir enn ein hobby. Elles er eg jo med i Operaens venner, Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Det vil eg seie er meiningsfulle fritidsaktivitetar.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er kanskje flinkt til å ha fått Gamlebanken der den er i dag. Det eg er dårleg til er sikkert at eg er veldig sjefete og spiss i kommentarane.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Deltakande, deltakande, deltakande.

Noko du engasjerer deg for?

– Eg er engasjert i dei aktivitetane som er nemnt. Malakoff er jo rett rundt hjørnet, Opera Nordfjord er 20 år i år og Gamlebanken 20 år neste år. Kari og Michael er genuint interesserte i operaen, dei er kreative og nyskapande, og derfor har det blitt ein suksess over tid. Også for Malakoff sin del er det mange personar som står på. Arnt-Ivar, Gunn og Sveinung får Malakoff til nye høgder heile tida. I Gamlebanken bidrar eg med mi store kunstinteresse. Tilbakemeldingane eg får går på at det er fantastisk å kome inn her. Det gjer meg glad. 

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Passar ikkje på ei aude øy. Eg vil vere blant folk.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg ville brukt ein del på meg sjølv. Viss summen var stor nok, ville eg nok gitt til Malakoff, operaen og Gamlebanken. Eg er også imponert over det ein får til innan idretten, så det hadde vore kjekt å bidra der også. Eg snur meg i alle fall ikkje vekk når eg ser loddseljarar, slik som mange andre gjer.

Kven vil du gje ein blome til?

– Til uteseksjonen i Eid kommune. Den siste tida har dei rydda heile sentrum for ugras, både private og offentlege område. Dei fortener ein stor takk.

Kva synest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Positivt. Eg skulle helst sett heile Nordfjord samla, men vi får i alle fall ei større eining. No står eg på lista til Stad Arbeidarparti, men eg er i tenkeboksen på om eg vil stå der. Eg er for gammal til å meine noko om neste generasjon. Når den nye kommunen står klar vil eg jo snart vere 70 år. Snittalderen i politikken er for høg, og eg vil ikkje vere med på å dra den opp.

Kva meiner du om at Eid skal bli cruisedestinasjon?

– Fantastisk! Eid er ei perle, og kvifor skal ikkje båtane stoppe her? Det er sjokkerande at enkelte er så negative, før ein i det heile har gjort seg nokon erfaringar. Ei storsatsing på turisme må då vere positivt. Her i Gamlebanken er vi i alle fall klare, men ikkje med plasttroll.

Kva er den beste sommarlåten i 2018?

– Det som spring ut frå kulturskulen i Eid er fantastisk, Aleks Grey og Indigo Child med fleire. Det er ein draum å høyre på dei og følgje med på kva dei gjer. Mange lokale talent ville nok kome seg opp og fram uansett, men eg er sikker på at kulturskulen bidrar til at endå fleire får blomstre.

Korleis ser du føre deg framtida?

– Eg vil at Eid og Stad kommune skal blomstre inn i framtida. Det vil ein kunne oppnå med ungdommeleg engasjement.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Eg er fornøgd ute i Hjelmelandsdalen. Å bu i sentrum kunne vore fint, men til kva pris? Ein får ikkje så mykje for eit hus ute i dalen.