Kongeskipet er på veg oppover langs kysten og har vore innom fleire stadar på turen. At dei legg turen innom Eid har høgst truleg samanheng med at H.M. Dronning Sonja kjem til Nordfjord. Ho skal i morgon vere med på Seljumannamessa og feiringa av Bjørgvin bispedøme 950 år, som går føre seg i Selje.

Etter det Fjordabladet har grunn til å tru, er ikkje dronninga om bord på skipet no, men rykta seier at ho skal gå om bord i ettermiddag, truleg i halv fire –firetida.

Oppdatering

Ny tid dronninga er venta å gå om bord er klokka 17.00

Les meir om KS «Norge» her

Foto: Privat
Kongeskipet ligg akkurat no i Eidsfjorden. Foto: Yngve Tolaas