Flytta heim til kulturkommunen

TILFLYTTAR OG TILBAKEFLYTTAR: Berlevågingen Mai Elise Hammer og hauaren Rune Balsnes er klare for ei framtid i Eid. Båe likar seg i Sagaparken. – Godt for ein finnmarking i eksil å ha sjøen i nærleiken, seier Mai.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Eg sakna stillheita, den rå lufta om hausten og at når det er mørkt om vinteren så er det bekmørkt.

Rune Balsnes og Mai Elise Hammer gler seg til La Boheme og andre storhendingar i kulturhuset utover hausten.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Namn: Rune Balsnes og Mai Elise Hammer(ny i bygda)

Fødd: Eid og Berlevåg

Bur no: Lunden, Nordfjordeid

Budde før: Trondheim

Utdanning: Rune: Bachelor i kulturminneforvaltning ved NTNU, Mai: Bachelor i engelskspråkleg litteratur ved NTNU og Fagskulen for bokbransjen

Stillingar: Snikkar og arbeidssøkjande

Barn: Onkel og tante til 5


− Kvifor har de valt å flytte til Eid?

− Hadde lyst å flytte etter nesten 10 år i Trondheim. Vi var komne til det punktet i livet då vi ville flytte på oss og prøve noko nytt.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− At Rune fekk seg fast jobb, men vi har og familie, vener og kjende som tok imot oss med opne armar då vi kom over Strynefjellet. Eid er ei bygd i vekst med eit flott kulturtilbod, og Nordfjord er eit lite paradis i finvêr og ein rå og røff plass i styggevêr. Det er passeleg lite og trygt.

− Kva sakna du Rune mest då du budde borte?

− Stillheita, den rå lufta om hausten og at når det er mørkt om vinteren så er det bekmørkt. Og stjernehimmelen om vinteren, den er noko for seg sjølv. Og opera faktisk.

− Er det noko de brenn for på heimplassen?

− Vi gler oss til å ha eit godt kulturtilbod med opera på nynorsk, teater og rock så nært.

− Korleis er livet dykkar om 10 år?

− Vonleg så har vi det trygt og godt, med eige hus ved fjorden. Kven veit?

− Kva skulle de bli i 12-14-alderen?

− Mai drøymde om å bli forfattar, noko ho har realisert. Runne drøymde om å bli smed, noko han ennå gjer og jobbar med saka. Så om det er nokon der ute med ei smie eller ein metallverkstad til utlån, så nøl ikkje, ta kontakt.

− Kva er de mest nøgde med i livet dykkar no?

− At vi sa ja til kvarandre framfor 1000 menneske under Elskhug og Eksis 2017.

− Kva er det verste de veit?

− Urettferdigheit, likegyldigheit og fordomar. Folk bør av og til ta seg tid til å spørje kvarandre over ein kopp kaffi om kor det går. Det kan bety mykje for den som blir spurt.

− Kva er den største skilnaden på Eid og Trondheim?

− Tempoet er største skilnaden. Det er litt rolegare på Eid.

− Kva har oppteke dykk mest i det siste?

− Jobb, jobbsøking og flytting. Vi søkjer begge etter utdanningsrelaterte jobbar i distriktet.

− Fordelar/ulemper med Stad kommune?

− Vi synest det er feil å fokusere på kva som er bra og dårleg i ei kommunesamanslåing. Det har skjedd. No gjeld det å fremje godt samarbeid og gjere Stad til ein kommune med sikre jobbar, gode skular og gode kulturtilbod frå Vestkapp til Holmøyane.

− Kva tykkjer de om jobbtilbodet i distriktet?

− Det er nok fleire stillingar i og rundt dei store byane, men og fleire søkjarar. Så sjølv om det er færre jobbtilbod i distrikta så er det og færre søkjarar og større sjanse for å få jobb. Vi trur og at arbeidsgjevarar i distriktnoreg i større grad torer å satse på nyutdanna.

− Saknar de noko i Nordfjord?

− Betre kollektivtransport. I Trondheim gjekk det ein buss i alle retningar kvart 10. minutt. Her er ein heilt avhengig av privatbil om ein skal ein plass, med mindre ein har god tid.

− Råd til andre utflytta nordfjordingar?

− Bruk jungeltelegrafen om de skal flytte til Eid. Leilegheiter finn de ikkje på finn.no.

− Kva synest de om «nye» Nordfjordeid?

− Sagaparken har blitt ei verkeleg perle, der store mengder folk kan nyte fridagar med bading, grilling og hygge. Det er aldri feil. Samtidig er det bra med eit godt utval av butikkar som gjev trygge arbeidsplassar og vekst. Men det er ei utfordring at handelen har dreidd seg vekk frå Eidsgata mot Amfisenteret. Ei levande gate er viktig for å framheve det gamle og unike kulturmiljøet i gata.

− Vi er ikkje spesielt begeistra for satsinga på cruisenæringa som er den mest skitne og forureinande forma for turisme i Noreg, så det er ikkje utenkjeleg at dette kan skade miljøet både i og rundt fjorden.

− Korleis var møtet med Eid, Mai?

− Litt spesielt. Det starta med ei HV-veke og eg blei kjend med mange folk. Eidarar tek gjerne ikkje initiativ sjølve for å bli kjend med deg, men du vert godt mottatt om du sjølv tek kontakt. Eg har og møtt ein del skrivande folk. Så det har vore ein lovande start.

− Kva er favorittserien/underhaldning?

− Vi er sluker alt, og det går mykje i NRK og BBC for underhaldning og dokumentarar. Som favorittserie anbefaler vi Hannibal og Twin Peaks.

− Har de eit godt råd til kommunepolitikarane?

− Vi er i ei brytingstid med den nye Stad kommune. Kommunepolitikarane må ta dei gode gjennomtenkte vala for framtida og ikkje falle for freistinga med å ta raske val med rask profitt.

− Skal de på Opera Nordfjord til hausten?

− Åja, det skal vi, og spør om vi gler oss! Flaggermusen er Rune sin favoritt, med Tosca som ein god nummer to.

− Kvar går årets ferietur?

− Det vert norgesferie til Sørlandet for å vitje gamle vener. Draumedestinasjonane er elles Skottland og Færøyane.

− Kva har de på nattbordet?

Bøker, vi er båe lesehestar. Rune har Christopher Clark: The Sleepwalkers. How Europe went to war in 1914, liggande på nattbordet. Mai har I sin stabel mellom anna lokale forfattarar som Dagny Sunde si dikt- og novellesamling: Berre vent litt, og Freddie Langrind si bok: Tidsskiftet, med dikt, viser, kvad og undring.


Råd frå Håvard Nyheim til andre nordfjordingar

– Start familie og flytt heim