Anders stortrivst som avløysar på Lotsstøylen

Anders Lillestøl (26) har i 10 dagar mjølka og sett etter 25 kyr på Lotsstøylen om lag 440 meter over havet. Til selskap har han firbeinte Ero og dabradioen.

NÆRKONTAKT: Anders Lillestøl set stor pris på nærkontakt med dyr. Noko som her ser ut til å vere gjensidig.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

KLAR TIL MJØLKING: Frå mjølkegrava styrer Anders mjølkeprosessen og mjølkar fire kyr i slengen. I mellomtida ventar fire andre på hi sida av grava.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

MODERNE MJØLKEANLEGG: Mjølketanken på 3000 liter vert tømt kvar tredje dag.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

SPEKTAKULÆR UTSIKT: Lotsstøylen ligg på eit platå 440 meter over havet med spektakulær utsikt over Nordfjorden.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

HYTTELIV: I hytta til Ranveig Årskog kan Anders sove, koke seg mat og slappe av saman med Ero.  

POPULÆRT TUROMRÅDE: Anders har og planar om turar i fjellet mellom mjølkeøktene.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

FINN ROA I FJELLET: Ranveig Årskog har 8 mjølkekyr og Egil Fjellestad har 17 på Lotsstøylen der det har vore stølsdrift i fleire hundre år. Utanfor gjerdet går det og dyr på saftig fjellbeite.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Anders likar finvêret vi har hatt i det siste, men veit godt at i bondenæringa treng ein og regn. I alle fall har han nok å fylle dagane med der oppe i fjellheimen.

Oppvaksen på gard

Anders er oppvaksen på Løkja der foreldra og den nest eldste broren driv gard, så han er vel vand med å jobbe med dyr og gardsdrift. Dei siste tre-fire åra har han vore fast tilsett som avløysar gjennom Landbrukstenesta, og jobbar til vanleg i ein ring med fire mjølkebønder. Det er fyrste året han jobbar på ein støl, og det er ein god stad å vere med triveleg arbeid, slår han fast. Ein jobbar sjølvstendig og styrer mykje av arbeidstida sjølv.

Anders bur i Skulebakken på Haugen saman med sambuaren Ingunn Skåtun og sonen Håkon på to år.

Slik er arbeidsdagen

Anders fortel at han står opp i halvsjutida kvar morgon. Etter å ha fått seg frukost startar han arbeidsdagen. Utstyret skal klargjerast for dagens første mjølking, kyrne skal hentast frå beitet inn i innhegninga ved mjølkehuset, og så tek han dei inn og mjølkar fire i slengen.

− Heile mjølkeprosessen tek om lag halvannan time, fortel han.

Så skal kyrne igjen ut på beite. Der er åtte inngjerda teigar, og dei 25 dyra går eit par dagar i kvar teig.

Etter vask av utstyr og rydding rundt mjølkehuset, er første arbeidsøkt ferdig, og det er tid for mat og litt avslapping. Reparasjon av gjerde tek noko tid og anna forfallande arbeid vert gjort. I sekstida er det ny runde med mjølking. Arbeidsveka varierer mellom 37,5 og 52,5 timar.

Einsamt?

At det er einsamt? Nei det vil ikkje Anders seie at det er på Lotsstøylen. Han likar godt å stelle med dyr og har og hunden Ero til selskap. Ein del turfolk kan og stogge og slå av ein prat på veg vidare innover i fjellet. Sjølv kan han og tenkje seg turar i fjella rundt setra.

På radioen lyttar han gjerne på P1, og av musikk går det helst på rock og metall. Favorittbandet er det svenske Ghost, som han gler seg å møte på Malakoff snart.