Sagastad-bygget:

Står først klart i januar neste år

Sagastad-bygget vil stå ferdig seinare enn planlagt.

Det sirkelrunde Sagastad-bygget er no under oppføring.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Etter planen skulle bygget vere ferdigstilt 1. november i år. No er dette utsett til januar 2019. Det var så tidleg som i februar i år at byggherren Eid Industrihus fekk første varsel om fristforlenging.

– Dette vart ikkje akseptert av byggherre. For to og ein halv månad sidan vart det frå vår side sendt varsel til ein av kontraktspartane om reklamasjon på utføring av oppdraget. Dette brukar vi juridisk bistand til, seier dagleg leiar i Eid Industrihus, Svein Otto Melheim.