Delte bekymringar med ministeren

Fekk mange innspel

Under kulturfrukosten i Kulturhuset Gamlebanken fekk kulturminister Trine Skei Grande(V) mange innspel

KULTUR i KULTURHUSET: Eid Venstre hadde invitert Trine Skei Grande til kulturfrukost i Kulturhuset Gamlebanken.  Foto: Anna Wuttudal

Vi ønskjer øyremerka midlar

ER BEKYMRA: Operasjef Kari Standal Pavelich vil ha øyremerka løyvingar frå staten.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ho fekk mellom anna høyre om at skjemavelde og rigide ordningar som skaper problem for frivillige. Til dømes idrettslag som ikkje får søkje om midlar til kulturtilbod.

– Fjern tullete reglar og byråkratiske reglar, oppmoda Astrid Grete Torheim frå Eid frivilligsentral. Ho peika på at folk som går på dagpengar frå NAV blir trekte om dei deltek i frivillig arbeid. Torheim meiner dei bør kunne delta fritt i frivillig arbeid for å kunne bruke seg sjølve positivt og bygge seg sjølve som menneske.

Tilskotsordningane til frivilligsentralane er lagt om, og Torheim oppmoda ministeren om å følgje med kva følgjer dette får.

Bekymra for operaen

Operasjef Kari Standal Pavelich er bekymra for kva som skjer om ansvar for kulturmidlar, med unntak av dei aller største institusjonane, vert delegert frå staten til dei nye regionane. Ho er redd for at ordningane vert utvatna. Ekspertutvalet, nedsett av regjering og storting, har forslag om å overføre ansvaret for tildeling av ressursar til regionale kulturfyrtårn frå staten til dei nye regionane. Operasjef Kari Standal Pavelich fryktar at det kan bli mindre pengar som kjem fram til operaen på Nordfjordeid.

– Vi ønskjer øyremerka midlar, understreka ho overfor ministeren.

Kan bli overklassefenomen

Pavelich gav også uttrykk for uro for at det er stor skilnad på prisen for å delta på kulturskule ulike stadar og at det er veldig få innvandrarar som er med i Kulturskulen i Eid.

– Vi har ein flott kulturskule, men den er ganske dyr, poengterte Pavelich. Ho er oppteken av at kulturskulen ikkje må bli eit overklassefenomen, og at ein får utanforskap for dei som ikkje har råd til å vere med.

Ho fekk ikkje særleg gehør for dette hos kulturministeren, som gav uttrykk for at det er like mykje kultur som økonomi dette handlar om, men ho la til at ho er for inntektsgradering.

Først ute

Kulturminister Trine Skei Grande kjem tilbake allereie til haustens operaoppsetting. Ho er den første kulturministeren som vitjar Opera Nordfjord.