Kommunebarometeret 2018:

Eid rangert som nr. 16 i Norge

Eid er den kommunen i Nordfjord som gjer det best på Kommunebarometeret 2018.

Eid kommune er rangert som nr. 16 av landets 422 kommunar på Kommunebarometeret 2018. Her frå folketoget gjennom Eidsgata 17. mai i år.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Eid er no rangert som nr. 16 av dei 422 kommunane i Norge. Kommunebarometeret er ei samanlikning Kommunal Rapport gjer av landets kommunar, basert på til saman 152 offentleg tilgjengelege nøkkeltal innan 12 ulike sektorar.

Grunnskule og pleie og omsorg har ei vekt kvar på 20 prosent, medan økonomi, barnevern og barnehage er vekta 10 prosent kvar. Dei minst viktige sektorane har ei vekt på berre 2,5 prosent.