Feiringa av 950-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme går av stabelen i helga, og Selje står på hovudet. At H.M. Dronning Sonja kjem set ein ekstra spiss på feiringa, og ho vil vere med på festgudstenesta på Selja kloster. Vi gleder oss saman med dei som har stått på for å få arrangementet i hamn.
Mange frivillige er delaktige, slik som Selje Idrettslag, flyktningtenesta, sokneråda, sanitetslag og Samfunnshusets venner i Selje. Utan deira si hjelp hadde ikkje arrangementa i helga latt seg gjennomføre.