Dronningbesøk og avduking av Olavsteinen

Spente før jubileumshelga på Selja

– Eg både gler og gruer meg. Vi anar rett og slett ikkje kor mykje folk som kjem til Selja i helga, smiler Torkjell Djupedal i Venner av Selja kloster.

Selja kloster ligg som ei perle. I helga er det venta mykje folk til 950-årsmarkeringa.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Torkjell Djupedal er spent før jubileumsfeiringa i helga.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Mange frivillige er med på å arrangere jubileumsarrangementet i Selje i helga.   Foto: Privat

Nyhende

Det har vore ein hektisk innspurt for å få alt på plass til 950 års jubileet.

Laurdag ettermiddag vert Olavsteinen avduka av riksantikvar Jørn Holme.

– No har vi jobba for å få alt på stell, og Olavsteinen skal stå på Kuberget, femti meter frå stien. Vi har også sponsa benkar, så dette blir fint. Skilta er komne på plass, og vi har funne fram ein stein til sokkel i dag. Det er mange som er her for å ordne med detaljar for å få alt i orden i siste liten, seier Djupedal. Han har arbeidd ivrig for å få på plass merkesteinen.

Spennande

– Draumen om å få sjå steinen på plass vert no ein realitet, seier han. Han innrømmer at han både gleder og gruer seg til helga.

– Det vert ei flott markering, samtidig er det spennande. Vi anar ikkje kor mykje folk som kjem verken laurdag eller søndag, og om det er sett opp nok båttransport. Dimensjonane er umogleg å vite, seier han.

Ved avdukinga av Olavsteinen vil Eid-ordførar Alfred Bjøro stå for fanfaren, medan ei korgruppe frå Selje vil synge. Torkjell Djupedal vil seie nokre ord.

Dronningbesøk

Laurdag kveld er det offisiell mottaking for inviterte gjestar på Selje samfunnshus. Det er også konsert i Selje kyrkje både laurdag kveld og søndag ettermiddag.

– Men i helga er det dronning Sonja som er det store trekkplasteret, og som byggjer opp interessa for at folk vil ta turen til jubileumsfeiringa. Ho stiller forresten i bunad, fortel Djupedal, som også har på seg bunad under feiringa.

– Vi i Vener av Selja kloster har baka kake, og har 1.000 kakestykker vi deler ut som ein gest på klosterøya søndag. Vi oppfordrar også folk om å ha med seg drikke og kanskje litt mat, seier han, som trur det blir mykje folk på Selja i helga.

Stor delegasjon

Til gudstenesta søndag på Selja kjem forutan H. M Dronning Sonja og miljøvernminister Ola Elvestuen, ekspedisjonssjef i miljødepartementet Einar Holtane. Den katolske biskop i Norge, Bernt Eidsvig, overhode for den gresk ortodokse kyrkja i Norge Johannes R. Johansen (arkimandritt). Riksantikvar Jørn Holme, politimester Kåre Songstad, ambassadør Else Berit Eikeland (Norges ambassadør i Irland), biskop Herborg Finnseth, Halvor Nordhaug, Helge S. Gaard (fungerande), fylkesmann Anne Karin Hamre, fylkesordførar Jenny Følling samt andre gjester frå heile landet.