Sommarprat med Hans-Petter Gilleshammer

Denne gongen er det postbod og politikar Hans-Petter Gilleshammer som er gjest i sommarpraten.
Nyhende

Namn: Hans-Petter Gilleshammer

Alder: 53 år

Bustad: Humborstad 132, Kjølsdalen

Familie: Gift, tre barn, to barnebarn

Kjæledyr: To kattar, Tassen og Tiger’n

Yrke: Postbod

Bil: Audi A6


Kva planar har du i sommar?

– Planen er å ha to veker ferie heime med besøk av barn og barnebarn. I månadsskiftet august/september skal vi ei veke til Kroatia. Vi landar i Split og skal vere i Milna. Der skal vi bade og kose oss, og feire Siri Sandvik sin 50-årsdag.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det spørsmålet har eg faktisk tenkt litt på. Konklusjonen er ein oppvekst med hardt gardsarbeid, etterfølgd av gode middagar og bading. Det var honoraret for hardt arbeid. Der og då var ikkje det spesielt gode opplevingar, men noko eg har sett stor pris på i ettertid. Dessutan var det alltid fint vêr, slik eg hugsar det.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Grillmat. Eg har ei dotter som er kokk, så det må bli ho som lagar den. Elles er eg veldig glad i sjølvplukka rips med vaniljesaus.

Har du nokre hobbyar?

– Politisk arbeid er vel den største hobbyen no. Eg er også medlem i sektor samfunn i NFF Sogn og Fjordane. Vi besøker Kongleriket miniputt-turneringar, og evaluerer arrangement i Kretsligaen herrar og 3. divisjon kvinner. Det gjer vi for at dei skal få fokus på gode arrangement. Og jamt over er det veldig bra i Sogn og Fjordane.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Det er vanskeleg å skryte av seg sjølv, men eg er vel ganske flinkt til å verve medlemmer til Stad Arbeidarparti. I løpet av nokre år har eg verva mellom 50 og 100 til det lokale Arbeidarpartilaget. No har vi 110 namn på lista, og dei fleste har betalt kontingent. Og så var det noko eg er dårleg til. Det er sikkert mykje, men eg får seie å tenkje på eiga helse. Fysisk form er nedprioritert. Det har den vore heilt sidan eg spelte min siste kamp for Haugen i 2009, faktisk opningskampen på Stadlandet stadion.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Engasjert, rettferdig, kravstor.

Noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg for at vi skal ha gode oppvekstvilkår i Eid, og at vi skal ha bemanning til å ta oss av våre eldste.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Kona.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Hjelpe barna til å kome seg inn på bustadmarknaden i Bergen, noko som ikkje er så lett.

Kven vil du gje ein blome til?

– Ho eg bur i lag med, det og. Ho har eit hjarte av gull. Tenkjer alltid på andre før seg sjølv.

Kva synest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Spennande og utfordrande. Det var på grunn av kommunereforma at eg gjorde comeback i politikken i 2015. Folkerøystinga om samanslåing med Gloppen var positiv i Eid, sjølv om forhandlingsresultatet var dårlegare enn det vi har fått med Selje, så eg ser ikkje det store problemet med at prosessen gjekk veldig raskt. Eg vil heller gje honnør til dei som fekk det til. Det er også eit veldig godt klima mellom Eid og Selje. Kjekke folk å vere saman med.

Kva meiner du om at Eid skal bli cruisedestinasjon?

– Der er det plussar og minusar. Det positive er at ein bygger Eid som ein stad der turistar skal kome og bruke litt pengar, noko ikkje minst Sagastad vil vere avhengige av. På minussida kjem forureininga dette medfører.

Kva er den beste sommarlåten i 2018?

– Eg veit at det er han Mjøndalen-stopparen som toppar listene, men for meg er Åge Aleksandersen nr. 1. Eg har fått med meg ein konsert med han kvar sommar siste 4-5 åra. Han har så mange gode låtar at eg ikkje kan plukke ut éin.

Korleis ser du føre deg framtida?

– Eg har levd i ein jobb i konstant omstilling, og det vil det framleis vere. Det skjer noko 1. januar 2020, og det vil kome endå meir seinare. Eg er klar til nye utfordringar. Skulle eg miste jobben har eg framleis fullt førarkort til trailer og buss. Eg kunne også tenkt meg å jobbe innan vernepleie eller psykiatri.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– I Kjølsdalen, der eg bur. Men eg kjenner lysta på varmare klima når vi kjem ut i oktober/november. Det er ikkje utenkeleg at eg kjem til å vere fleire månader i varmare klima når eg blir pensjonist. Vinterkulden blir eg mindre og mindre glad i.