Selje Panorama ute på høyring

Første byggesteg av Selje Panorama er realisert. No er det planar om to nye byggesteg på nabotomtene.

Bustadprosjektet Selje Panorama kan no bli utvida. Ny reguleringsplan er no ut på høyring.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Reguleringsplanen for Selje Panorama er lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for innspel er sett til 10. august 2018.

Bakgrunnen er at utbyggjar Dragebygg AS av bustadprosjektet Selje Panorama, har gjort avtale om kjøp av vestre/nedre del av eigedomen 56/109 med tanke på å realisere byggesteg 3 på denne tomta. Byggesteg 1 er allereie realisert.

Endringa vil og gå ut på å endre vegtilkomst og garasjar for andre byggesteg i forhold til det som er søkt om rammeløyve til på eigedomen 56/273. Dermed vil berre fire av bustadane (den øvste etasjen) få innkøyring og parkering på øvre veg (frå aust).

Byggesteg 2 vil få åtte bueiningar og byggesteg 3 truleg fem. Gjeldande reguleringsplan seier maks 12 bustadar i byggesteg 2.

Då saka var oppe i formannskapet i juni var det eit samla formannskap som stilte seg bak at det vert laga ny reguleringsplan.

Attraktivt område

Området er av dei mest attraktive i Selje kommune, og det er naturleg at det vert lagt opp til høg utnyttingsgrad og etablering av låge blokker her, meiner Selje kommune.

I nytt planforslag vert det likevel lagt opp til ei litt lågare utnyttingsgrad for delar av området. Det er lagt til rette for 1,33 parkeringsplassar per bueining i nytt planforslag, noko som vert rekna som tilstrekkeleg. Sykkelparkering skal vere på eigen grunn.

Det skal etablert ny tilkomst frå fylkesveg 632, og det er kommunal vegmynde som skal gi løyve til avkøyrsle i regulert område.

Avstand

Selje kommune viser til at reguleringsføresegnene opnar for at bygningsdelar som altan/balkong, svalgang og trappehus kan gå utanfor byggegrensa.

Selje kommune er i dialog med Dragebygg og arkitektane om nettopp byggegrenser. Plankartet syner byggegrenser ned til ein meter frå grenselinje til nabo og åtte meter mellom byggverka. Dersom det vert opna for å føre opp altan/balkong, svalgang/trappehus utanfor byggegrensa, oppfyller ikkje dette avstandskrava som mellom anna skal ivareta branntryggleik, lys, utsiktsforhold og anna.