Spennande prosjekt i startgropa

Internasjonalt samarbeid om musikkteaterutdanning

Kulturminister Trine Skei Grande (V) fekk i dag orientering om spennande planar om samarbeid med europeiske utdanningsinstitusjonar innan musikkteater.

Kulturministeren og Mia Bird frå BRICTT saman med unge scene-talent som fekk syne seg fram på scena i Operahuset Nordfjord. Frå venstre: Martha Pavelich, Runa Bergem, Simon Pavelich, Kulturminister Trine Skei Grande, Asbjørn Hagen, Ida Bredesen, Tuva Nyhammer Taklo, Johanne Ilje, Ingrid Kayser og Mia Bird (Creative Director, BRICTT (Brighton Institute for Contemporary Theatre Training)   Foto: Privat

Nyhende

Kulturministeren besøke i dag Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord, der ho fekk møte unge, lovande ungdommar, kultursjef i Eid, ordførar, lærarkrefter og ein representant frå ein av dei musikk-utdanningsinstitusjonane i England, Brighton Institute for Contemporary Theatre Training (BRICTT), som samarbeider med British and Irish Modern Music Institute (BIMM).

BIMM er ein leiande musikk-utdanningsinstitusjon i Europa med 16.000 studentar og avdelingar i både England, Irland og Tyskland. BRICTT er ein høgskule spissa inn mot musikal-bransjen («musikkteater»), kor profesjonelle bransjepersonar frå dei leiande miljøa i England på området (m.a. West End i London) er med i planlegging og utvikling/gjennomføring av kurstilbodet.

BRICTT besøker Nordfjordeid for å diskutere eit mulig samarbeid med det spesielle musikk- og musikalmiljøet som har vakse fram i Nordfjord i kjølvatnet av Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord. Kulturministeren vart orientert om desse planane.

Les meir om saka i tysdagsutgåva av Fjordabladet