Bestemor (65) på motorsykkel

Ho er bestemor til tenåringar, og tek aller helst ferieturen på motorsykkel.

Inger Myklebust har ingen planar om å slutte med å køyre motorsykkel. – Eg hadde ein fantastisk tur over Maurstadeidet og innover fjorden til Eid på fredag, seier ho som tok motorsykkellappen då ho var 45 år gammal. 

Nyhende

Inger Myklebust frå Syltedalen i Vanylven kommune var nok den eldste dama på motorsykkeltreff på Eid i helga. Saman med mannen og to døtre var ho stasjonert med bubil og telt på Plassen frå fredag til søndag.

– Eg starta å køyre motorsykkel då jentene var tenåringar og ville prøve seg på slike køyretøy. No har eg køyrt lett motorsykkel i tjue år, og er rundt på treff kvar sommar, saman med mine to døtre som også køyrer sykkel, seier Inger som er glad for at mannen kjem bak med bubilen.