Namn: Håvard Nyheim

Fødd: 15. april 1988/sjukehuset Nordfjordeid

Bur no: Flatraket

Budde før: Bergen

Utdanning: Elektroteknikar frå Fagskulen i Bergen

Stilling: anleggsleiar  i Kraftmontasje AS

Sivil status: Sambuar med Tonje Renate Lillesalt

Barn: Oda Lillesalt Nyheim( 2 år i september)

Bil: Volvo og Audi

Kjæledyr: Ingen

Aktuell: flytte heimatt og bygde hus på Flatraket(snart Stad kommune)

− Kvifor valde du å flytte tilbake til heimplassen?

− Vi flytte heim for å komme nærare familien og vi venta ei lita jente. Flatraket er ei god bygd å vekse opp og bu i.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Mest avgjerande var at vi sakna familie og vener og at vi ville byggje eige hus.

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Flatraket på fine sommardagar.

− Er det noko spesielt du brenn for på heimstaden?

− Samhaldet mellom sambygdingane og det flotte idrettslaget som har aktivitetar for alle aldersgrupper.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Då er eg godt etablert familiefar som gler meg over at Stad skipstunell endeleg er realisert.

− Kva skulle du bli då du var 12–14 år?

− Draumen var å bli fotballspelar eller gravemaskinførar.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− Å kunne nytte finvêret i lag med familien?

− Kva er det verste du veit?

− Grantrea til naboen som gjer at eg misser mesteparten av solnedgangen.

− Kva er den største forskjellen på livet i Bergen og livet på Flatraket?

− Vi manglar mange tilbod som Bergen har, men her i feel-good-bygda kjenner vi faktisk naboane i motsetning til i Bergen. Samhaldet blir betre på mindre plassar.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Huset vi har bygd.

− Kva synest du om Stad kommune?

− Eg synest Eid har hatt ei positiv utvikling og satsar bra som handelssentrum. Håper samanslåinga kan ha same effekt på Selje kommune. Skal folk flytte heim treng vi utvikling og satsing i nærområda og etablering av spennande og freistande jobbtilbod. Trur det som hindrar fleire frå å flytte tilbake er mangelen på utdanningsrelaterte jobbar.

− Kan du tenkje deg å engasjere deg i kommunepolitikken?

− Ja, det er viktig å kunne bidra til å utvikle samfunnet i ei positiv retning.

− Kva synest du om jobbtilbodet i distriktet?

− Vi må støtte og jobbe aktivt for dei som har lyst til å skape nye arbeidsplassar. Per dags dato er det for lite jobbar til å skape den tilflyttinga som er ynskjeleg.

− Er det noko du saknar i Nordfjord?

− Badeanlegg for dei minste. Viktig at dei får lære seg å symje når vi bur i ein kystkommune.

− Føler du at du har fått realisert deg sjølv?

− Eit godt stykke på veg. Men ennå har eg meir ugjort på «Bucket-lista» mi.

− Kva råd har du til andre utflytta nordfjordingar?

− Start familie og flytt heim! Vi treng dokke.

− Kva synest du om «nye» Nordfjordeid?

− Eg likar det dei har fått til.

− Kva er favorittserien på TV?

− Det blir lite tid til TV, men ser på forskjellige seriar i lag med fruen.

− Kva medium brukar du for å oppdatere deg på nyheitene?

− Mobil, PC og aviser.

− Har du eit råd til kommunepolitikarane?

− Bruk budsjettmidlane vi har til rådigheit. Skjønar ikkje kvifor Selje kommune skryter av eit overskot når vi ser på behovet for oppgraderingar og manglande drift i kommunen.

Sats på befolkninga!

− Kvar går årets ferietur?

− Det har vi ikkje bestemt ennå.

− Kva har du på nattbordet?

− Mobilen og nattbordslampe.