Vanskeleg å skape fred

Ove Naustdal (69) har 34 år bak seg i militær teneste, mellom anna for FN i Libanon og Somalia. Dei sterkaste minna har han frå Somalia, der dei måtte gje opp fredstanken.

Ove Naustdal frå Eid har ei omfattande karriere bak seg i forsvaret, med fleire oppdrag for FN i utlandet. Der han ikkje alltid opplevde samsvar mellom arbeidet som blei gjort ute og norske styresmakter. I dag bur Naustdal i Holmenkollen i Oslo, men har hytte på Harpefossen/Naustdalssetra dit han tek turen ofte. Ikkje minst likar han å fiske etter laks når han kjem til Nordfjord.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Ove Naustdal frå Naustdal i Eid tok si første militære utdanning på Jørstadmoen då han var nitten år. Og etter det skulle han oppleve ei rekkje oppdrag både i Norge og utlandet, gjennom ei karriere på 34 år i Forsvaret. Mellom anna deltok han i fredsbevarande arbeid i regi av FN både i Libanon på 1980-talet og i Somalia i 1992/93. Den 6. april i år mottok han forsvarets innsatsmedalje med to stjerner. Og 8. mai var han på lunch på Akershus festning saman med forsvarsjefen og forsvarsministeren. Då FN fekk Nobels fredspris for sitt arbeid i Libanon, fekk han også tilsendt ein fredsprismedalje i posten.

– Det var stort og viktig å kunne ta imot forsvarets innsatsmedalje med to stjerner etter så mange år i landet si teneste, seier Naustdal som no har vore pensjonist sidan han fylte 57 år. Men yrkeskarrieren i militære beskriv han som ein bauta i livet sitt.