19 seksarar og 6 femmarar

Synne med toppkarakterar

Synne Pisani (19) frå Eid fekk kjemperesultat då ho no gjekk ut av Eid vidaregåande skule. Ho oppnådde 19 seksarar og 6 femmarar i karakterar.

Synne Pisani frå Nordfjordeid fekk kjempekarakterar når ho no gjekk ut av Eid vidaregåande skule. No vil ho bli lege.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er ein svært fornøgd avgangselev vi møter.

– Det var betre resultat enn venta, smiler Synne glad. Ho har gått realfagslinja på studiespesialiserande. Og det er nettopp i realfaga og fellesfaga at seksarane har kome.