Nordfjordeid blir delt

Posten informerer om at 10 000 husstandar og 3 000 bedrifter får nye postnummer eller nytt poststadsnamn 1. oktober.
Nyhende

Pressesjef i Posten Norge John Eckhoff melder om at 6770 Nordfjordeid vert delt i to med det nye postnummeret 6773 Nordfjordeid.

Av kartet går det fram at postnummeret 6770 omfattar Skårhaug, sentrum og oppover til Hjellekrysset på nordsida av Eidselva.

Dei andre som bur utanfor denne sona og som har hatt 6770 Nordfjordeid som postnummer, vil no få 6773 Nordfjordeid.

Alle som blir berørte vil få informasjon frå posten innan 1. august.

6777 Stårheim, 6776 Kjølsdalen, 6778 Lote og 6779 Holmøyane er eigne postnummer som ikkje vert påverka av denne endringa.

Effektiv distribusjon

- Endringane skjer for å få ein så effektiv postdistribusjon som mulig, eller etter ønskje frå kommunar, organisasjonar, velforeiningar eller kundar som på grunn av lokale eller historiske forhold ønskjer å endre si postadresse, seier Eckhoff.

1. oktober er fast endringsdato for postnummer og poststadsnamn i Norge.