Kulturministeren kjem til Eid i morgon

I morgon kjem kulturminister Trine Skei Grande (V) på vitjing til Nordfjordeid.
Nyhende

Kulturministeren skal delta på eit ope møte med kulturaktørar i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid, for å få innspel og råd om nasjonal kulturpolitikk frå kultur- og frivilligaktørar i Eid. Eid

Skei Grande skal også vitje Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord, for å møte representantar frå to av dei fremste musikkutdanningsinstitusjonane i England, British and Irish Modern Music Institute (BIMM) og Brighton Institute for Contemporary Theatre Training (BRICTT).

Dei to institusjonane vitjar Nordfjordeid for å diskutere eit mulig samarbeid med det spesielle musikk- og musikalmiljøet som har vakse fram i Nordfjord i kjølvatnet av Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord. Kulturministeren blir i morgon orientert om desse planane.