Gamle ting og historie i gata

Laurdag var det garasjeromsloppemarknad og tid for lag og organisasjonar å vise seg fram i gata.

Tim Nymoen tok med seg heile bussen for å delta på garasjeromsloppis i regi av Sommarshopping på laurdag. Den nyleg innkjøpte bussen er ombygd til campingbil med både bad og toalett.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Ein av dei som stilte opp på garasjeromsloppis var Tim Nymoen. Tidlegare i vår hadde han fått i oppdrag å rydde mest mulig ut av huset til mora i Telemark. Der nede kom han over ein eldre buss, kjøpte den og fylte den opp med gamle ting frå huset til mora. Og laurdag var han på plass i gata med bussen full.

– Eg har no selt ein del. Reste blir vel lagra ein plass, og så skal eg bruke den ombygde bussen til brakke/opphaldsrom i høve til arbeid i firmaet mitt, sa Nymoen.