Eid vidaregåande skule

Elevane med kjemperesultat

Rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule er svært fornøgd med eksamensresultata elevane har prestert i år.

- Eg trur vi aldri før har oppnådd så gode resultat som vi gjorde ved eksameni år. Hos oss var det rekordhøge snitt og ingen som strauk. Spesielt norsk hovumål skrtiftleg var bra. I programfaga var det 17 prosent som oppnådde seks på eksamen skriftleg, smiler rektor Ove Bjørlo.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi har eit utruleg gledeleg resultat, og spesielt skriftleg eksamen i norsk var bra. Avgangselevane fekk fantastisk resultat både i hovudmål og sidemål. Dette må vere noko av det høgste snittet som har vore på Eid vgs. etter at vi fekk påbygg og treårig vidaregåande, meiner han. Snittet på 3sta var heile 4,3 i norsk hovudmål og 4,1 i sidemål.

– Hos oss var det rekordhøge snitt og ingen som strauk, medan det i skulane i Oslo-området var 40 prosent stryk. Resultatet vårt er eineståande, fortel han.