Stor aktivitet på Klenkarberget Sommarcamp

Årets sommarcamp på Klenkarberget er godt i gang. I år var det 103 barn med den første veka.

Aktivitetstilbod: Klenkarberget Sommarcamp er eit aktivitetstilbod i sommarferien for barn i barne-skulealder og har deltakarar som kjem frå heile Eid kommune, nabokommunar og langvegsfarande som vitjar slektningar. Sommarcampen starta opp i 2007 og har år for år utvikla seg til det den er i dag.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

SJØLIV: Fisking, trøbåt, kajakk og kano på fjorden er populært på sommarcampen.   Foto: Klenkarberget Sommarcamp

VARIERT: Barna på sommarcampen får prøve seg på mange aktivitetar, m.a. lengdehopping.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

ETTER SKULESLUTT: Sommarcampen har hovudbase i klubbhuset på Klenkarberget. Dei held på i fire veker rett etter skuleslutt, og pågangen er veldig stor, spesielt dei første vekene.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

FRIIDRETT: På idrettsplassen på Klenkarberget er det ideelle forhold for hopping, springing og anna fysisk aktivitet.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

HYTTEBYGGING: Ein dag var barna i skogen der dei bygde hytter av stokkar og greiner.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

LAGA LY: Thea Salveson Risøy og Andrea Vingen Vedeld visste råd då regnet kom. Dei laga seg ly ved hjelp av det dei hadde til rådvelde.  Foto: Anna Wuttudal

FLYNDRE: Assistent Wahid (20) viser barna korleis dei skal få flate steinar til å sprette bortetter vatnet.  Foto: Anna Wuttudal

FISKELUKKE: Noah Griffin Bruvoll og Sandar Solheim prøver fiskelukka. Har dei fått ein stor ein på kroken, mon tru?  Foto: Anna Wuttudal

FEKK FISK: Hanna Telvik, Kaja Olsen Kroken og Sunniva Haaland viser fram dei flotte makrellane som gruppa fekk på Løkjastranda.  Foto: Anna Wuttudal

FÅR NYE VENNER: Thea Balsnes, Emma Langeland Dombestein, Kaja Olsen Kroken og Beate Starheim (bak) har funne tonen.  Foto: Anna Wuttudal

AKTIV FERIE: Lærar Toni Lotsberg (25) bruker gjerne litt av ferien sin på sommarcampen.  Foto: Anna Wuttudal

UTELIV ER KJEKT: På sommarcampen er det utandørsaktivitetar som gjeld. Både Løkjastranda og Rødstranda blir mykje brukt, og i løpet av sommaren skal dei også på tur til Refviksanden.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

BRUKER NÆROMRÅDET: Sommarcampen bruker det som er i nærområdet. Dei går på fjellturar, og det er eit eige opplegg for den eldste gruppa med Camp Adventures i Hjelmelandsdalen.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

BADELIV: Sommaren så langt har gitt gode mogelegheiter for badeliv utandørs. Det er også sett av tid i symjehallen i Eid idrettshus der det vert arrangert symjekurs for dei yngste.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

Nyhende

–Det aller kjekkaste er å bade, meiner Thea Salveson Risøy og Andrea Vingen Vedeld. Dei tykkjer det er veldig kjekt på sommarcamp. Her er mange ulike aktivitetar som dei får vere med på og så får dei nye venner. Dei har mellom andre blitt kjend med Emma frå Dombestein.

Det som ikkje er så kjekt er når ein må gå på do ute, og det er ikkje så kjekt når dei eigentleg skulle bade, men ikkje får gjere det likevel.

Thea fortel at ho skal vere ei veke på sommarcampen i år. Elles skal ho mellom anna måle hus, og ho skal på tur til Lillehammer.

Andrea skal vere med på sommarcampen i to veker. Etterpå skal ho til Oslo og feire 9-årsdagen sin.

Kjekt å vere leiar

Toni Lotsberg (25) er leiar for ei av gruppene og har med seg Silje Sundal (21) frå Kjølsdalen og Wahid (20).

Toni er til vanleg lærar for 1. klasse på Apeltun skole i Bergen. Han tykkjer ferien blir litt lang, og bruker gjerne litt av fritida som aktivitetsleiar.

– Eg blir litt rastlaus dersom eg ikkje har noko å gjere på. Det er kjekt med aktivitetar saman med barna. På sommarcampen er det ein del organisering, litt som på skulen, men meir idrettsprega.

– Veldig kjekt, tykkjer han.

Denne dagen er det ikkje akkurat badevêr, så då finn dei på andre gjeremål i staden, som fisking, flyndre og diverse leikar.