Eid motorsykkelklubb er i dag ein aktiv klubb med 28 medlemmer. Dei har ofte møter og treff, og reiser på turar saman. I helga feira dei at klubben er blitt 40 år, med å invitere sykkelvenner frå heile landet. Dei kom frå ulike klubbar i Sør-Norge og Trøndelag, for å slå leir i Malakoff. Allereie fredag kveld var det mange telt på Plassen, der det var levande musikk, grilling og god stemning. Laurdag held feiringa fram med mellom anna motorsykkelparade gjennom sentrum og bryllaup.
Eit bra tiltak
Då Eid motorsykkelklubb starta opp i 1978, stod det ein artikkel i Fjordabladet i april same året. Her kan ein lese at både ordførar og lensmannskontoret i Eid såg positivt på oppstarten. Det blei argumentert med at dette var ein viktig møteplass for unge med interesse for å køyre motorsykkel, samt å drive med mekking. Eit argument var også at ein slik kunne få bukt med grisekøyring i sentrum, ved at klubben kunne ta tak i trafikkopplæring.